Det heilage landet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det heilage landet (hebraisk ארץ הקודש, Éreẓ haQodeš, ʾÉreṣ haqQāḏēš; latin Terra Sancta, arabisk الأرض المقدسة, al-Arḍ ul-Muqaddasah) refererer vanlegvis til Israel og det historiske området Palestina. Det omfattar eit område som er religiøst viktig for dei tre monoteistiske og abrahamske religionane jødedom, kristendom og islam. Årsaka til at det vert rekna som heilag kjem av den religiøse rolla til Jerusalem og regionen rundt.

Krosstoga starta opphavleg med målet om å gjenerobre Det heilage landet for kristendomen. I nyare tid har regionen vore senter for Midtausten-konflikten.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.