Det indiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det indiske flagget.

Det indiske flagget vart offisielt teke i bruk som nasjonalflagg av India den 22. juli 1947, like før landet fekk sjølvstende. Flagget har tre like breie, horisontale felt i safrangult, kvitt og grønt frå topp til botn. Midt i det midterste feltet er eit hjul i marineblått med 24 eiker, Asjokahjulet.

Det indiske flagget ved delstatforsamlinga i Karnataka, under ei framstilling av det indiske riksvåpenet, som lik asjokahjulet kjem frå Asjoka sin løvekapitél.
Den tradisjonelle rokken charkha var eit symbol for sjølvstenderørsla, og var det opphavlege symbolet på flagget.

Flagget blei teikna av Pingali Venkayya og var, i noko anna utforming, i bruk i sjølvstendekampen i 1930-åra. Dette flagget hadde den tradisjonelle rokken (tsjarka) brukt av Gandhi og khadirørsla. I den grunnleggjande forsamlinga like før India fekk sjølvstende blei rokken erstatta av hjulet (tsjakra) frå Asjoka sin løvekapitél.

Ein eigen flagglov spesifiserer at tøyversjonar av flagget berre må lagast av handspunnen og handvevd khadi-duk av bomull, silke eller ull. Det er for tida berre éin fabrikk i landet som har lisens til å laga flagg.

Tidlegare blei flagget hovudsakleg brukt berre av offentlege institusjonar; vanlege borgarar hadde berre løyve til å flagga på spesielle nasjonale høgtidsdagar. Etter ei lovendring i 2002 har ein òg hatt høve til å bruka flagget i private samanhengar, så lenge det skjer med «vørdnad, lojalitet og respekt». Kvart år blir selt rundt 40 millionar flagg i India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]