Det indiske kommunistpartiet (marxistisk)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til CPI(M) er raudt med hammar og sigd.
Demonstrasjonstog for kommunistpartiet i Agartala i Tripura.

Det indiske kommunistpartiet (marxistisk) (engelsk Communist Party of India (Marxist), CPI(M) eller CPM; hindi भारत की कम्युनिस्ट पार्टी (मार्क्सवादी) Bhārat kī Kamyunisṭ Pārṭī (Mārksvādī)) er eit marxist-leninistisk politisk parti i India. Partiet finst i fleire delar av landet, men har hovudbasen sin i Vest-Bengal og Tripura nordaust i landet og Kerala i sørvest. Prakash Karat har vore partileiar sidan 2005.

Det indiske kommunistpartiet (marxistisk) blei danna som eit utbrytarparti frå det indiske kommunistpartiet (CPI) i 1964. Splittinga kom av motsetningar i partiet mellom ein fraksjon som ville ha gode band til det regjerande Kongresspartiet og Sovjetunionen på den eine sida, og ein annan som meinte dette svekka klassekampen og ville nærma seg det kinesiske kommunistpartiet i staden, trass i krigen mellom India og Kina i 1962. Den sistnemnde gruppa danna CPI(M) «for å forsvare dei vitskaplege og revolusjonære grunntankane til marxist-leninismen og bruken av han i dei konkrete indiske tilhøva».[1] I 2011 oppgav partiet ein medlemsmasse på over 10 millionar.[2]

Partiet vann 16 sete ved valet til Lok Sabha (det indiske underhuset) i 2009, og hadde i same periode 11 medlemmer i Rajya Sabha (overhuset).[2] Partiet leiar delstaten Tripura som medlem av Left Front, og har hatt lange periodar ved makta i Vest-Bengal i same allianse, og i Kerala som del av Left Democratic Front.

Fleire andre parti er blitt danna som utbrytarar frå CPI(M), mellom anna CPI(ML) (som igjen danna grunnlag for Communist Party of India (Marxist-Leninist) Liberation), Marxist Communist Party of India, Marxist Coordination Committee i Jharkhand, Janathipathiya Samrakshana Samithy, Communist Marxist Party og BTR-EMS-AKG Janakeeya Samskarika Vedi i Kerala, Party of Democratic Socialism i Vest-Bengal, People's Democratic Front i Tripura, Ram Pasla-gruppa i Punjab og Orissa Communist Party i Orissa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «in order to defend the scientific and revolutionary tenets of Marxism-Leninism and its appropriate application in the concrete Indian conditions.» «About us», cpim.org
  2. 2,0 2,1 «About us», cpim.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]