Det internasjonale polaråret 2007–2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det internasjonale polaråret 2007-2008 er ei satsing på polarforsking leidd av The International Council of Science (ICSU) og The World Meteorological Organization (WMO). Visjonen for Polaråret er at det skal innleie ein ny tidsalder for tverrfagleg og internasjonal polarforsking. Forskinga skal omfatte både Arktis og Antarktis, og skal synleggjere samanhengane mellom polarområda og resten av verda.

Viktige satsingsområde i polaråret er meteorologi og klimaforsking, spesielt samanhenger mellom klimaendringar og naturfenomen som Golfstraumen. Lykkast dei, får vi sikrare langtidsvêrvarsel. Andre prosjekt er retta mot miljøgifter og dyrehelse.

Posten i Noreg markerte polaråret med å gje ut to frimerke, NK 1639-1640.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Nettlenkjer:[endre | endre wikiteksten]