Det irske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det irske flagget

Det irske flagget, også kjent som den irske trikoloren, er delt i tre like breie, vertikale felt i grønt, kvitt og oransje. Den grøne fargen skal symbolisere den gæliske tradisjonen og oransje skal symbolisere den protestantiske rørsla som stødde Vilhelm av Oranien. Den kvite fargen uttrykker håp om fred mellom folkegruppene. Flagget har vore i bruk sidan 1850-åra og vart godkjent både av den opprørske irske republikken i 1919 og den irske fristaten i 1922, men fekk offisiell status fyrst ved innføringa av ny grunnlov i 1937.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]