Det irske opprøret i 1798

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det irske opprøret i 1798 var ein oppreist mot den britiske styresmakta i Irland som varte i fleire månader, før han vart stogga med vald av styresmaktene. Det var United Irishmen, ei republikansk gruppe som var oppglødde over ideane frå den franske revolusjonen, som organiserte oppstanden.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1691 hadde det i hovudsak katolske Irland vorte kontrollert av eit anglikansk protestantisk «Ascendancy» på vegner av den britiske krona. Etter dei demokratiske revolusjonane i Nord-Amerika og Frankrike, vart United Irishmen skipa i 1791, og dei sette fram krav om demokratiske reformer og likestilling for katolikkane. I 1793 vart organisasjonen driven under jorda og radikalisert. Under leiing av protestanten Theobald Wolfe Tone erklærte dei no målet om å bryte sambandet med England, og dei spreidde seg over heile landet, idet dei sameinte seg med katolske motstandsgrupper, kjende som Defenders, som hadde mange medlemmer. Det vart òg bestemt at dei skulle søkje hjelp frå den revolusjonære regjeringa i Frankrike, men ein fransk styrke måtte gjere vendereis i desember 1796 på grunn av uver.

Dei skremde styresmaktene, og dei lojalistiske støttespelarane deira sette i gang ein kampanje med undertrykking og tvang som omfatta nedbrenning av hus, grov tortur og mord, særleg i Ulster, der katolikkar og presbyterianske protestantar hadde gjort felles sak. Dette nye og uventa samarbeidet skapte stor frykt i London.

Blant metodane som vart brukte mot mistenkte irske patriotar var «pitchcapping», som gjekk på å bruke varm tjøre eller bek i ei lue som vart festa til hovudet på offeret. Første delen av torturen var smertene ved varmen, neste del var at lua vart riven av når beken hadde vorte kald, slik at hud og hår følgde med. På denne måten vart folk vanskapte for livet, om dei då ikkje vart hengde etterpå.

Den katolske kyrkja støtta elles ikkje opprøret, men stod på dei etablerte si side, sjølv om opprøret i stor grad galdt frigjering av dei katolske massane.

The Society of United Irishmen[endre | endre wikiteksten]

I 1791 danna ei gruppe liberale protestantar The Society of United Irishmen. Løfte om reformer var inspirasjonen for danninga av organisasjonen som gjekk på tvers av religiøse skiljeliner. Det førte til at den raskt fekk medlemmer mellom katolikkar, prestbyterianarar, metodistar og andre dissentgrupper, grupper som var utelukka frå den styrande klasse. Eit ope program vart presentert for ytterlegare demokratiske reformer og katolsk emansipasjon. Løfter om reformer inspirerte ei gruppe liberale protestantar i Belfast til å danne Society of United Irishmen i 1791. Organisasjonen gjekk på tvers av religiøse skiljeliner, og den fekk raskt medlemmer blant katolikkar, presbyterianarar, metodistar og andre dissentergrupper som var utelukka frå den styrande klassa. Selskapet presenterte ope sitt program for ytterlegare demokratiske reformer og katolsk emansipasjon, reformer som det irske parlamentet ikkje hadde nokon intensjon om å vedta og som den britiske regjeringa ikkje var interessert i å setje i verk før ei mindre reform vart pressa gjennom i 1793.

Utbrotet av krig mot Frankrike i 1793, etter avrettinga av Ludvig XVI, tvang selskapet til å gå under jorda. Dei byrja å tenkje på væpna kamp med støtte frå den franske revolusjonen, og målet vart å bryte banda til England. I 1797 var det minst 100 000 medlemmer, og i tillegg var dei katolske agrare motstandsgruppene kjende som Defenders, som hadde byrja å stele våpen allereie i 1793, nært knytte til selskapet.

Trass i at selskapet hadde vakse kraftig, valde leiarane å fortsetje å søkje militær hjelp frå Frankrike, og å vente med eit opprør til franske troppar steig i land i Irland. Leiaren, Theobald Wolfe Tone, reiste til Frankrike for å tale selskapet si sak, og planane såg ut til å bere frukt då han kom tilbake med 15 000 franske soldatar under general Hoche, som unngjekk Royal Navy og kom til Bantry Bay i desember 1796. Men vedvarande stormar, beslutningsløyse og dårleg sjømannskap førde til at det ikkje vart nokon invasjon, noko som fekk Wolfe Tone til å sei at «England har ikkje hatt så mykje flaks sidan armadaen».

Regjeringa slår tilbake[endre | endre wikiteksten]

Etablissementet var skaka over stadig uro og svarde med ein kampanje med undertrykking og tvang som i moderne terminologi ville blitt klassifisert som statsterrorisme. Hus vart brent, menneske vart torturerte (mellom anna med dei frykta tjærehuene) og drepne. Undertrykkinga var spesielt hard i Ulster, området der katolske og protestantiske revolusjonære i størst grad hadde gjort sams sak.

Britane innsåg raskt at sekterisme var ein effektiv reiskap for å splitte dei revolusjonære, og i eit klassisk splitt og hersk-scenario byrja dei å setje gruppene opp mot kvarandre. Brigader C.E. Knox skreiv til general Lake, som hadde ansvar for Ulster, at «eg håpar å auke fiendskapen mellom Orangemen og United Irishmen. På den fiendskapen heng sikkerheita i dei sentrale grevskapa i nord». Irlands rikskansler, John Fitzgibbon, skreiv i eit brev til Geheimerådet i juni 1798 at «i nord er det einaste som kan halde opprørarane i ro overtydinga om at der forræderi har brote ut er opprøret berre papistisk.

Lojalistar i heile landet hadde allereie organisert seg for å støtte regjeringa, og skaffa viktig lokal etterretning gjennom Orange Order, som var grunnlagt i 1795. Ein sikra også Den katolske kyrkja si støtte mot eit forventa opprør gjennom opprettinga av Maynooth College same år, og med nokon få unntak var det katolske hierarkiet på krona si side gjennom heile opprøret.

Etterretning frå informantar førde også til at ein i mars 1798 kunne arrestere store delar av leiinga i United Irishmen i raid i Dublin. Eit mindre opprør same månad i Cahir i Tipperary braut ut som respons på arrestasjonane, men vart raskt slått ned. Det vart innførd unntakstilstand over heile landet, og brutaliteten som vart retta mot United Irishmen førde til at dei forstod at dei måtte handle raskt. Innan mai 1798 var Lord Edward FitzGerald og dei fleste andre leiarane for opprøret i Dublin arresterte, og dei gjenverande leiarane i United Irishmen bestemte seg for å utløyse opprøret utan fransk hjelp. Datoen for starten vart sett til 23. mai.

1798[endre | endre wikiteksten]

Med hjelp av informantar og bruk av tortur, begynte styresmaktene å arrestere stadig fleire av leiarane i United Irishmen i store delar av landet, slik at resten av leiarskapen i organisasjonen måtte bestemme seg for å setje i gang oppreisten utan fransk militær støtte. Datoen vart sett til 23. mai 1798.

På litt over tre månader mista mellom 10 og 30 tusen menneske livet i fridomskampen. Nyheita om opprøret spreidde frykt mellom lojalistane, og britiske militærstyrkar massakrerte mistenkte opprørarar fleire stader. Både før og etter opprøret braut ut var britiske og lojalistiske styrkar ansvarlege for grufull brutalitet og mange massakrar av både faktiske opprørarar og sivile. Det var berre to tilfelle av massakrar andre vegen, på lojalistiske sivile.

Den 22. august, etter at mesteparten av opprøret var slått ned, landa om lag eitt tusen franske soldatar nordvest i landet, og slutta seg til opprørarane der. Men det var for lite og for seint. Etter først å ha sigra i ei trefning, vart dei slått av engelske styrkar 8. september. Dei franske som overgav seg, vart sidan bytta med engelske krigsfangar i Frankrike og sende heim. Dei irske som overgav seg vart drepne, alle som ein.

Den 12. oktober prøvde ein ny franske styrke på 3000 mann, der opprørsleiaren Wolfe Tone sjølv òg var med, å gå i land. Men dei vart oppdaga av ein skvadron frå Den kongelege britiske marinen og måtte gi seg etter ein tre timar lang kamp utan å ha komme seg i land. Wolfe Tone vart dømd til døden ved henging, sjølv om han bad om å bli skoten. Han greidde å gjere sjølvmord i fengselet, med ein pennekniv.

Det fanst motstandslommer i landet heilt til 1804, men 1798 var eit stort og tragisk nederlag i den lange kampen for irsk sjølvstende. Mange av dei presbyterianske eks-opprørarane godtok elles britisk styre i åra som følgde, da det vart skipa eit nytt protestantisk «Ascendancy» der ikkje berre anglikanarar fekk vere med. Dermed vart irsk politikk fjernare frå den einskapstanken United Irishmen hadde hatt, og dei britiske styresmaktene i Dublin Castle oppmuntra til og utnytta motsetningar mellom folkegruppene, og fremja ein sekterisme som i stor grad har vart til denne dag, ikkje minst i Nord-Irland.