Det ivorianske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det ivorianske flagget. Storleikstilhøve 2:3.

Det ivorianske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i Elfenbeinskysten den 7. august 1959. Det er ein trikolor med tre vertikale striper i oransje, kvitt og grønt, etter mønster frå det franske flagget.

Stripene symboliserer ulike verdiar som svarer til det nasjonale mottoet Union-Discipline-Travail, eller Samhald, disiplin og arbeid. Den oransje står for vekst, den kvite for fred gjennom samhald, og grønfargen for framtidshåp. Men fargane har òg fått andre tydingar av ivorianarane. Dei meiner grønfargen symboliserer dei tropiske skogane deira og kvitfagen elvane, medan oransje står for savannen i landet.

Flagget har dei same fargane som det irske flagget, men i motsett rekkefølge. Medan irane heiser flaget med den grøne delen nærast flaggstanga, har ivorianarane den oransje inst.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det ivorianske flagget