Det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Pale of Settlement

Pale of Settlement (Russisk: Черта оседлости — Tsjerta osedlosti) var ein vestleg grenseregion i tsar-Russland der permanent busetjing av jødar var tillaten. Området gjekk frå demarkasjonslina i aust (sjølve pale) til grensa til Sentral-Europa.

Ordet pale kjem frå latin palus, som tyder stake. (Ordet palisade kjem frå same rota). Frå dette kjem den overførte tydinga grense, og idéen om ein pale som ein region der det gjeld eigne lokale lover. Uttrykket bortom palen (beyond the pale) kjem av dette.

Sjølv om regionen Pale var berre tjue prosent av europeisk Russland, samsvara området med dei historiske grensene til Det polsk-litauiske samveldet, og omfatta mykje av dagens Litauen, Kviterussland, Polen, Moldova, Ukraina og delar av det vestlege Russland. Men nokre av byane innanfor regionen var ikkje med i Pale likevel.

Eit avgrensa tal av jødar fekk løyve til å bu utanfor Pale.

Kjelde: Engelsk wikipedia, art. med same namnet.