Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen

Koordinatar: 60°23′24.385″N 5°18′51.800″E / 60.39010694°N 5.31438889°E / 60.39010694; 5.31438889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°23′24.385″N 5°18′51.800″E / 60.39010694°N 5.31438889°E / 60.39010694; 5.31438889

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, inngang frå Magnus Lagabøtes plass.

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen blei oppretta i 1980, etter at det hadde foregått undervisning i rettsvitskap ved universitetet sidan 1969. Fakultetet er ein av tre institusjoner som tilbyr studiar i rettsvitskap i Noreg. De to andre er ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo og Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Tromsø.

Fagtilbod[endre | endre wikiteksten]

Fakultet har om lag 1900 studentar med studierett, og nærare tilsette i professorat-, amanuensis-, universitetslektor- og stipendiatstillingar. Fakultetsadministrasjonen består av om lag 25 personar. Fagtilbodet består no av eit femårig integrert masterstudium og eit treårig PhD-studium. Tidlegare var fagtilbodet cand.jur.-studiet og dr.juris-studiet, men dette vart endra med kvalitetsreforma.

Fakultetet mottok utdanningskvalitetsprisen frå Kunnskapsdepartementet for 2004 for arbeidet sitt med det nye mastergradsstudiet i rettsvitskap.

Bygget[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet ligg ved Magnus Lagabøtes plassDragefjellet i området Sydnes i Bergen sentrum. I tillegg til ei modernisert skulebygning (Dragefjellet skole) frå 1891, som hovudsakleg inneheld lesesalar og nokre mindre undervisningsrom, fekk fakultetet i 1995 eit moderne nybygg med tre auditorium og nokre mindre undervisningsrom, vrimlearealet Audun Hugleikssons hall, kantine, kontor, bibliotek, Europeisk dokumentasjonssenter (EDC), studentane sin eigen klubb «Fjøset» og kafé «Traumaten», og lesesalar.

I perioden 2007–2008 vart fakultetet bygd ut for å dekke ein underkapasitet på lesesalar, kontor og undervisningsrom. Tilbygget på fire etasjar (pluss ein mindre femte etasje) og 6000 m² vart reist på vestsida av den eksisterande bygningen og er knytt saman med denne med ei gangbru. Det juridiske fakultetet deler bygget med Christian Michelsens institutt, Unifob global og Senter for midtøstenstudiar og islamske studiar. [1]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Injuria: «Utbygging av Det juridiske fakultet», arkivert frå originalen 7. oktober 2007, henta 10. juli 2010 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]