Det karibiske havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det karibiske havet

Det karibiske havet er havet mellom Sør-Amerika, Mellom-Amerika og Antillane. Det 2 754 000 km² store havet ligg sørom Mexicobukta og grensar til Atlanterhavet i aust. Det djupaste punktet er Cayman-renna mellom Cuba og Jamaica, 7 500 m under yta. Heile området, spesielt dei mange øyane, er kjent som Karibia.

Havet ligg nær ekvator, og er prega av eit tropisk klima. Det oppstår årleg syklonar over det, somme tider svært øydeleggjande.

Det karibiske havet var reiseruta for trekanthandelen som fann stad under kolonitida. På den tida var det òg kjend for mange kaperar og sjørøvarar, som plyndra handelsskipa.