Det kongelege mausoleet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kongelege mausoleet
Foto: Per E. Hadland

Det kongelege mausoleet er eit kongeleg gravkapell på Akershus festning i Oslo. Mausoleet vart bygd for å hyse dronning Mauds sarkofag, og er oppført i kalkstein frå Asker etter teikningar frå 1939 av arkitekt Arnstein Arneberg. Men på grunn av den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen vart ikkje mausoleet reist før i 1948, og dronningas kiste stod i Gamle Aker kyrkje så lenge krigen varte, deretter i Slottskyrkja på festningen, der ho òg hadde stått før krigen.[1]

Mausoleet er eit tilbygg til Slottskyrkja i sørfløya, og ligg inn i den såkalla Jomfruhagen mellom kyrkja og Jomfrutårnet. Rommet der dronningas sarkofag fekk plass, har ein tønnekvelv av kalkstein og veggar kledde med gjellebekksmarmor. Golvet er av slipte fliser av kalkstein med eit krona krossmotiv felt inn. I ei nisje står det eit alter som er dekorert av kunstmålaren Henrik Sørensen, og midt framfor dette alteret står sarkofagen, som er ein dobbeltsarkofag i kvit nordlandsmarmor der òg kong Haakon 7. vart lagt til kvile i 1957.[1] I ein sarkofag av grøn marmor attmed kviler Märtha og kong Olav V. Båe sarkofagane er teikna av Arnstein Arneberg.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Byminner nr.3/2012 Arkivert 2015-07-12 ved Wayback Machine. Trond Norén Isaksen: Nidarosdomen eller Akershus?, side 24 og 25

Kjelder[endre | endre wikiteksten]