Det latinske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget om Konstantinopel, skildra av målaren Palma Le Jeune (1544-1620).

Det latinske riket (latin Romania) var eit rike som blei danna etter det fjerde krosstoget i 1204Konstantinopel, hovudstaden i Austromarriket, blei erobra av krossfararane. Det latinske riket hadde som mål å få folket til å konvertera frå ortodoks til katolsk kristendom, og dette skapte uro i Konstantinopel. Balduin I blei keisar i Det latinske riket. Hans første oppdrag frå paven var å erobre alle dei gamle austromerske territoria. Etter at Konstantinopel fall var det oppretta nye statar i fleire av desse territoria og alle hadde same mål: Gjenerobring av Konstantinopel.

Ortodoks kristendom blei aldri gjort ulovleg i riket fordi det var opptatt med krigane mot Bulgaria, Keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt. Under keisar Balduin II gjekk riket under den 25. juli 1261 då Mikael VIII Palaiologos frå Nikea gjenerobra Konstantinopel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.