Det militære skarpskyttarmerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det militære skarpskyttarmerket

Det militære skarpskyttarmerket er eit dugleiksmerke for skyting med personleg våpen (gevær, maskingevær, pistol eller maskinpistol). Skyttarmerket vart stifta i 1861 som ein «Skydepremie». Merket har som føremål å stimulere skyteinteressa mellom militære og sivile skyttarar, og gjennom årlege skyteprøver å halde skytedugleiken oppe hjå befal og mannskap i dei ståande styrkane, Heimevernet og mobiliseringsstyrkane.

Merket er utforma med to krosslagde gevær over ein bunden laurbærkrans med eit raudt felt innanfor kransen. I toppen er riksvåpenet. Merket finst i valørane gull, sølv og bronse i tillegg til ein medalje i gull. Medaljen har same utforming som merket, men er større og heng i eit raudt og gult band. Det er spesifikke krav til alle valørane både når det gjeld dugleik og tal på år ein må gjennomføre prøver for kvalifisere seg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]