Det nederlandske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det nederlandske flagget

Det nederlandske flagget har tre like breie, horisontale striper i raudt, kvitt og blått (sett ovanfrå). Det stammar frå ca. 1630. Opphavleg var flagget oransje, kvitt og blått, men den raude farga blei tatt i bruk utover 1600-talet, sannsynlegvis fordi ho var lettare synleg til sjøs. Flagget blei offisielt i 1796.