Det nepalske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det nepalske flagget. Storleiksforhold: 4:3

Det nepalske flagget er verdas einaste nasjonalflagg som ikkje er rektangelforma. Det er sett saman av to rettvinkla trekantar, den eine sett oppå den andre, og kan opphavleg ha vore to trekanta flagg som er blitt eitt.

Flagget til Nepal er raudt med blå kantar og to kvitfarga symbol, truleg ei sol og ein måne. Raudfargen er nasjonalfargen til Nepal, medan blåfargen skal stå for fred og harmoni. Dei to symbola blir ofte sagt å stå for to greiner av kongefamilien i Nepal, Rana. Dei blir i dag like gjerne tolka som eit håp om at Nepal vil eksistera like lenge som månen og sola.

Flagget blei offisielt teke i bruk den 16. desember 1962, då det blei oppretta ei konstisjonell regjering. Det doble trekantflagget hadde då vore i bruk sidan 1800-talet, og trekantane kvar for seg i to hundreår. Månen og sola hadde opphavleg menneskelege ansiktstrekk, men desse blei tekne bort då flagget blei offisielt nasjonalflagg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]