Det nordeuropeiske låglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Topografi i Europa
Det nordeuropeiske låglandet

Det nordeuropeiske låglandet er eit geomorfologisk område i Europa. Det består av låge sletter mellom Det sentraleuropeiske høglandet i sør og Nordsjøen og Austersjøen i nord. Høgda på låglandet er mellom 0 og 200 meter. Det meste av området vert nytta til jordbruk, men ein finn òg myrområde, lyngheier og innsjøar. På kysten av Nordsjøen finn ein myrland og Vadehavet, eit stort tidvassområde.

Politisk er Det nordeuropeiske låglandet delt mellom Belgia, Nederland, Tyskland, Danmark og Polen. Store elvar er, frå vest til aust, Rhinen, Ems, Weser, Elbe, Oder og Vistula.

Historisk, og særleg i mellomalderen, vart den vestlege delen av området kalla Nederlanda.

Det nordeuropeiske låglandet er forbunde til Den austeuropeiske sletta, som inneheld dei store slettene i Russland, og som grensar til Uralfjella i aust. I lag dannar dei Den europeiske sletta.

Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Den nordtyske sletta (det grøne området i nord)

Den tyske delen av Det nordeuropeiske låglandet vert kalla Den nordtyske sletta. Mykje av Den nordtyske sletta er ikkje høgare enn 100 meter over havet. Ved kysten av Nordsjøen er sletta svært flat og består stort sett av myrområde og gjørmete strender. Utanfor kysten ligg Dei austfrisiske og Dei nordfrisiske øyane, som vert rekna som ei fortsetjing av Den nordtyske sletta som vart skild frå fastlandet etter flaumar i mellomalderen.

Langs kysten av Austersjøen møter sletta bratte kalksteinsklipper som vart danna under istidene. Sletta er dekt av sand langs kysten, medan dei indre områda har myr- og heilandskap. Utanfor kysten nær Stralsund ligg Rügen, som er den største øya i Tyskland.

Delstatane Schleswig-Holstein, Hamburg, Bremen, Mecklenburg-Vorpommern, Brandenburg, Berlin, mykje av Niedersachsen og Sachsen-Anhalt, og delar av Sachsen og Nordrhein-Westfalen ligg i dette området.

Under den kalde krigen vart Den nordtyske sletta rekna som ei mogeleg invasjonsrute for Warszawapakta inn i Vest-Tyskland. Ei anna sannsynleg rute kunne ha vore gjennom Fuldagjelet mellom Kassel og Würzburg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]