Det norske forsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Norske soldatar på øving.
2 norwegian Leopard tanks in the snow.jpg
Volvo BV202 boarding.jpg

Forsvaret er fellesnemninga for forsvarsgreinene i Noreg: Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet. I tillegg har Forsvaret ei rekkje fellesinstitusjonar som skal støtte den øvrige verksemda.

Norsk forsvarspolitikk kviler på fire gjensidig forsterkande prinsipp:

  • Eit nasjonalt balansert og fleksibelt forsvar
  • Alliert militært samvirke og internasjonalt forsvarssamarbeid
  • Totalforsvar og anna sivilt/militært forsvarssamarbeid
  • Verneplikt

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norrøn tid og mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Organisert militærvesen i Noreg kan sporast attende til kongehirda og leidangen. Tidlegare vart væpna styrkar sanka saman ved tilfelle. I 954 vann Håkon den gode over Eirikssønene og deira allierte, i eit slag som stod ved AvaldsnesKarmøy. Heimskringla fortel at Håkon skreiv i lova at langs med sjøen, så langt opp i elva som laksen gjekk, så skulle heile riket delast inn etter «skipreider». Bøndene i eitt skipreide vart pålagde å byggje og ruste ut eit krigsfartøy.

I Noreg var det 270 slike skipreider i 1277. Skipreida skulle sendast ut då det var allmenning. Allmenning skulle sendast ut når det var fiendlege styrkar i landet. På 1000-talet er jarlar nemnt som hovdingar i leidangen, men på 1100-talet vart biskopane leiarar for leidangsflåten.

Siste kjende leidangstoktet fann stad då dronning Margrete kalla ut leidangen i 1393, i nokre bygder på austlandet. Det var for å forsvare landet mot styrkar frå den tyske Hansaen, som då låg i strid med Danmark-Noreg

Dansketida[endre | endre wikiteksten]

Den norske hæren blei oppretta ved ein krigsordinans frå Kristian IV av Danmark-Noreg den 18. januar 1628. Denne var bygd på legdsinndeling, det vil seie at gardane blei samla i legder som skulle stilla ein soldat kvar. Ved nokre avdelingar stilte ein òg med verva (gevorbne) soldatar. Etter 1641 bestod hæren i hovudsak av seks infanteriregiment.

Kristian IV var oppteken av å krige mot erkefienden Sverige. Under Kalmarkrigen nekta dei norske bondesoldatane å gå inn i Sverige, då dei berre vart innstilt på forsvarskrig.

I dei første åra tenestegjorde mange av soldatane i hæren utanlands. Tyske offiserar gjorde teneste i Noreg, spesielt på 1600-talet, og kommandospråket var tysk fram til 1772.

Under sjuårskrigen (17561763) blei rundt halvparten av den norske hæren sendt ut av landet. Dei var grensevakter i Schleswig-Holstein. Dette var ein kostbar affære for den norske staten: Mellom 1760 og 1779 gjekk rundt 77 prosent av utgiftene på statsbudsjettet til Forsvaret.

Under napoleonskrigane låg Danmark-Noreg i krig med Storbritannia og Sverige. Svenske styrkar rykte inn i Østfold og Østerdalen, men norske styrkar under prins Kristian August dreiv tilbake angrepet.

Unionstida med Sverige[endre | endre wikiteksten]

Den første norske generalstaben blei oppretta 22. mai 1814 og vidareført gjennom hærordningsplanen av 1817. Etter unionen med Sverige blei generalstaben fram til 1853 leia av generaladjutanten for Den norske armé. Seinare overtok Armékommandoen. Generalstaben hadde sidan ei rekke ulike organisasjonsmønster.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

I 1940 blei generalstaben oppheva. Forsvarets overkommando tok seinare over oppgåvene.

Forsvarsgreiner[endre | endre wikiteksten]

Felleskommandoar[endre | endre wikiteksten]

Fellesinstitusjonar[endre | endre wikiteksten]

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det norske forsvaret