Det norske herrelandslaget i fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Noreg
Flag of Norway.svg
Forbund Noregs Fotballforbund
Konføderasjon UEFA
Landslagstrenar Egil Olsen
Kallenamn Drillos
Flest kampar John Arne Riise (108)
Flest mål Jørgen Juve (33)
Heimebane Ullevaal Stadion
Heimedrakt
Bortedrakt
Infoboks sist oppdatert:
Ukjent

Det norske herrelandslaget i fotball vert leia av den tidlegare suksessrike landslagstrenaren Egil «Drillo» Olsen.

Åge Hareide trekte seg som landslagstrenar 8. desember 2008, etter å ha leia laget sidan han tok over etter trenarlaget til Nils Johan Semb i 2004. Dei fremste merittane er deltakinga i VM-sluttspela i 1938, 1994 og 1998, i tillegg til Europameisterskapen i 2000 – og Bronselaget frå 1936. Av dei mest kjende enkeltkampane er sigeren over Brasil i 1998-VM og sigrane over England i VM-kvalifiseringskampane i 1981 og 1993.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fotballen kom til Noreg frå Storbritannia1880-talet, og vart raskt ein populær sport både blant dei aktive og publikum. Den første fotballklubben i Noreg, Christiania Footballclub vart stifta i 1885. Fleire klubbar kom til, og det oppstod etterkvart eit behov for å få organisert fotballen i Noreg. På initiativ frå Ski- og Fotballklubben Lyn vart Norsk Fodboldforbund stifta i 1902. Same år fekk NFF ansvaret for å organisere Noregsmeisterskapen i fotball, og i 1908 fekk NFF invitasjon frå det svensken fotballforbundet om å spele ein landskamp. I høve NFFs 100 årsjubileum i 2002 opna FotballmuseetUllevaal Stadion. Her kan ein oppleve norsk fotball si historie og gjenoppleve dei store augneblunkane.

1910-talet: Den spede byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Det norske landslaget under sommar-OL 1912 i Stockholm.
Sjå òg norske landskampar 1908–1915 og norske landskampar 1915–1920

Noregs første landskampen vart spelt 12. juli 1908. Sverige spelte òg den første landskampen sin nokosinne denne julidagen i Göteborg. Ni av spelarane på det norske laget kom frå Oslo-klubben Mercantile, som hadde vorte noregsmeistrar året før.

Den historiske kampen byrja veldig bra for det norske laget. Minotti Bøhn sette inn dei første måla til kampen rett frå avspark, utan at nokre av dei svenske spelarane hadde vore borti ballen. Deretter gjekk det dårlegare. Det hjelpte lite at Bøhn sette inn endå eit mål, og at Hans Endrerud òg teikna seg på scoringslista. Då kampen var over hadde svenskane vunne 11-3.

Det gjekk to år til neste gong eit norsk landslag vart sett saman. Òg denne gongen var det svenskane som var motstandar, og denne gongen vart kampen spelt på Gamle Frogner i Kristiania. Det var derimot svenskane som vann denne gongen òg, 4-0 vart sluttresultatet. Tormod Kjeldsen frå Larvik Turn debuterte i denne kampen, 15 år og 11 månader gammal, og er enno tideneS yngste med det norske flagget på brystet.[1] To strake tap vart det òg i 1912, då Noreg deltok i OL i Stockholm. Motstandarar var Danmark og Austerrike.

I det heile teke er perioden mellom 1908 og 1917 eit sørgjeleg kapittel i norsk landslagshistorie. I denne perioden vann ikkje Noreg ein einaste kamp, og botnen vart nådd 7. oktober 1917 då Noreg tapte heile 12-0 for Danmark – det største tapet til Noreg nokosinne.

1920-talet: Teikn til betring[endre | endre wikiteksten]

Det norske landslaget i 1921.
Foto: Anders Beer Wilse
Sjå òg norske landskampar 1920–1925 og norske landskampar 1925–1930

Våren 1918 kom svenske Birger Möller til Kristiania, og tok fatt på den nye jobben sin som norsk landslagstrenar. Det blir sagt at Möller var ein god inspirator, og brukte mykje tid på samspel, teknikk og terping på detaljar. Dette skulle snart gje resultat. Etter å ha spelt 27 kampar utan ein einaste siger, kom vendepunktet for det norske landslaget 16. juni 1918. Berre eit drygt halvår etter fadesen i København tok Noreg sin aller første siger då dei vann 3-1 over Danmark. Nokre månader seinare vart det òg siger over Sverige, og året etter vart svenskane feia av banen med 5-1 i Göteborg – Noregs første bortesiger.

Den største største stjerna til Noreg i denne perioden var Odd-spissen Einar «Jeja» Gundersen, som skåra til saman 26 landslagsmål mellom 1917 og 1928. Andre profilar var lagkaptein Gunnar Andersen (Lyn), Per Skou (Lyn og Odd) og Asbjørn Halvorsen (Sarpsborg). Desse spelarane utgjorde stamma i det norske laget som deltok i OL i Antwerpen i 1920, der Noreg tok sin til no største skalp. Få hadde rekna at Noreg hadde noko sjanse i opningskampen mot England. Rett nok var det engelske laget eit amatørlag, men dei vart uansett rekna som store favorittar – ikkje berre til å slå Noreg, men til å vinne heile turneringa. Det blir sagt at Gunnar Andersen var den første som viste at engelskmennene slett ikkje var overmenneske, ved å drible av opptil tre-fire engelskmenn om gongen. Sjølvtilliten smitta over på dei andre norske spelarane, og då kampen var over hadde Noreg vunne 3-1 etter to scoringar av «Jeja» Gundersen og eitt mål av Einar Wilhelms. Som løn for den sensasjonelle sigeren fekk Noreg møte Tsjekkoslovakia i neste runde. Den kampen tapte Noreg 4-0. Noreg tok nokre fleire skalper i åra som følgde. Dei vann 2-0 over Frankrike i Paris i 1923, og tok òg nokre fleire sigrar mot svenskane. På siste halvdelen av 1920-talet var derimot landslaget tilbake i kvardagen. Mellom 1924 og 1928 vann Noreg berre fire landskampar – samtlege mot Finland.

I 1929 og på byrjinga av 1930-talet byrja den svake trenden igjen å snu, mykje takka vere keeper Henry «Tippen» Johansen og målkongen Jørgen Juve, som begge nokre år seinare skulle bli med på det som kanskje den dagen i dag enno er dei største augneblunkane i norsk landslagsfotball. 23. juni 1929 vart det siger med 5-2 over Danmark i København – Noregs første bortesiger over Danmark.

1930-talet: Bronsealderen[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske landskampar 1930–1935 og norske landskampar 1935–1940

I 1933 debuterte Reidar Kvammen på det norske landslaget. To år seinare fekk Arne Brustad debuten sin, og i 1934 returnerte den tidlegare landslagsspelaren Asbjørn Halvorsen til Noreg etter tolv år i tysk fotball. Desse hendingane markerer byrjinga på «bronsealderen» i norsk fotball.

Då Halvorsen returnerte frå Tysklandsopphaldet sitt vart han tilsett som generalsekretær i NFF. Han vart dermed formann i landslaget sin uttakskomité, og fungerte òg som landslagstrenar. På denne tida hadde landslagstrenaren berre ansvar for å trene spelarane, medan alt som hadde med laguttak vart gjort av uttakskomitéen. Den kombinerte rolla gjorde derimot at Halvorsen vart Noregs første «moderne» landslagssjef.

Sjølv om Noreg hadde hatt ganske gode resultat i åra før Berlin-OL (mellom dei sigrar over Austerrike og Ungarn) var det få som trudde laget kunne hevde seg blant dei beste i OL-turneringa. Den første kampen gav ein oppskriftsmessig siger mot Tyrkia. Neste motstandar var vertsnasjonen Tyskland, som hadde slått Luxembourg 9-0 i sin første kamp. Det blir at sagt dei norske leiarane allereie hadde planlagt heimereise to dagar etter Tysklandskampen. Dei planane måtte i så fall endrast.

Med Hitler og Goebbels som tilskodarar vann Noreg fullt fortent 2-0 over Tyskland. Begge måla vart skåra av Magnar Isaksen. Tyskarane var slått ut, og Noreg var klare for semifinale mot Italia. Semifinalen vart jamspelt, men det var italienarane som trekte det lengste strået. Sluttresultatet vart 2-1 etter ekstraomgangar, og Arne Brustad skåra det norske målet. Brustad vart òg den store spelaren i bronsefinalen mot Polen, der Noreg vann 3-2, og sikra seg bronsemedaljane. Brustad skåra alle dei tre norske måla, og vart framheva som ein av dei beste spelarane i turneringa av både norsk og utanlandsk presse. Bronselaget var fødd.

Bronselaget frå 1936

Bak frå venstre: Brustad, Isaksen, Kvammen, Ulleberg, Holmberg, Martinsen, Frantzen, Juve.
Føre frå venstre: Eriksen, Johansen, Holmsen.

To år seinare deltok Noreg i fotball-VM. Noreg hadde kvalifisert seg etter å ha slått Irland 6-5 samanlagt over to kampar. Reidar Kvammen skåra to mål i begge kampane. I sluttspelet, som vart arrangert i Frankrike og vart spelt i cupformat, vart Noreg trekt mot dei regjerande verdsmeistrane Italia.

Kampen, som vart spelt i Marseille, var særs jamspelt og spennande. Italia tok ei tidleg leiing, men Noreg utlikna sju minutt før slutt då Brustad dribla seg gjennom heile det italienske forsvaret og sette ballen i mål. Nokre minutt seinare trudde alle at Brustad hadde skåra sitt andre, men dette målet vart særs tvilsamt annullert for offside. «Korleis dommaren kunne annullere dette flotte målet står for tilskodarane enno som ein gåte», skreiv Dagbladet i referatet sitt. Dermed vart det nok ein gong ekstraomgangar, der Italia gjekk sigrande ut etter ei scoring av Silvio Piola. Akkurat som i OL to år tidlegare tapte Noreg for Italia etter ekstraomgangar, og akkurat som i Berlin-OL gjekk Italia til topps i heile turneringa. Brustad fekk eit plaster på såret då han nokre månader seinare vart teke ut på Europalaget som møtte England på Wembley.

22. oktober 1939 tapte Noreg 4-1 for Danmark i København. Det skulle vise seg å bli den siste landskampen til Noreg på nesten seks år.

1940-talet: Gjenoppbygging[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske landskampar 1945–1950.

Då tyskarane invaderte Noreg vart det slutten på praktisk talt all organisert fotball i landet som følgje av idrettsboikotten. Fleire av heltane frå 1936, mellom dei Reidar Kvammen og Asbjørn Halvorsen, hamna i konsentrasjonsleir. Det lange opphaldet sette naturleg nok norsk fotball eit langt skritt tilbake, noko som skulle bli ettertrykkeleg klart 21. oktober 1945, då Noreg møtte Sverige i Stockholm.

Nesten alle dei gamle heltane var med då Noreg møtte Sverige for første gongen på over seks år. Det norske laget inkluderte Brustad, Øivind Holmsen og Alf «Kaka» Martinsen, som alle hadde vore med på Bronselaget, i tillegg til Kristian Henriksen, Knut Brynildsen og Rolf Johannessen, som var med på VM-laget i 1938. Seks år er derimot lang tid i fotball, og svenskane, som ikkje hadde vore med i krigen, hadde eit storlag på gang. Sluttresultatet vart 10-0 til Sverige. Då svenskane skåra det niande målet sitt skal Henriksen ha sagt «No satsær vi på uavgjort, guttær» til lagkameratane. Bronsealderen i norsk fotball var definitivt over.

Det skulle derimot kome nye spelarar utover på slutten av 1940-talet. To av dei største profilane var Gunnar Thoresen og Thorbjørn «Klippen» Svenssen. I tillegg hadde bronsehelten Reidar Kvammen enno litt å bidra med på banen. Nokre storsigrar vart det òg. I 1946 vart Finland feia av banen med 12-0, og to år seinare vann Noreg 11-0 mot USA i ein kamp der Odd Wang Sørensen skåra fem mål – noko som enno er norsk rekord for mengder mål i éin og same landskamp.

I 1949 debuterte ein 18 år gammal indreløpar frå Ørn ved namn Per Bredesen. Han skåra i debuten og fekk strålande kritikkar. Noreg hadde fått ei ny stjerne, og ved inngangen til 1950-talet snakka ein om at Noreg hadde eit nytt storlag på gang. Di verre vart unge Bredesen eit kortvarig kjennskap for landslagspublikummet. I 1952 reiste Bredesen til Italia, og signerte proffkontrakt for Lazio – og ifølgje dei då sjølvpålagte amatørreglane vart han dermed utelukka frå vidare landslagsspel. I ein alder der dei fleste andre nasjonane i Europa hadde innført profesjonell fotball, stod det gamle amatøridealet enno høgt i kurs her heime.

1950-talet: Middelmåtig[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske landskampar 1950–1955 og norske landskampar 1955–1960

Det var langt mellom sigrane for det norske landslaget på 1950-talet, og dei få kampane Noreg klarte å vinne var stort sett mot Finland og Island. Rett nok klarte Noreg å dra i land ein sensasjonell 2-1-siger over Ungarn i 1957 – og det attpåtil i ein VM-kvalifiseringskamp, men elles var det langt mellom høgdepunkta. I returkampen mot Ungarn vart forresten Noreg sendt heim med 0-5 i kofferten.

Blant lyspunkta heldt forsvarsklippen Thorbjørn Svenssen stand gjennom heile tiåret, og då han avslutta landslagskarrieren sin i 1962 hadde han spelt utrulege 104 landskampar – 93 av dei som kaptein. Saman med engelske Billy Wright var han den einaste spelaren i verda som hadde passert 100 landskampar på dette tidspunktet. Ein annan norsk profil på denne tida var Harald Hennum, som med sine 25 mål er den mestskårande spelaren på landslaget etter krigen.

Det er derimot liten tvil om at Noreg kunne trengt ein speler som Per Bredesen, men amatørreglementet gjaldt enno, sjølv om det i 1960 vart oppmjukna slik at den heimvendte proffen Ragnar Larsen igjen fekk lov å spele med flagget på brystet.

Botnen vart nådd i 1959 då Noreg avslutta året med fire strake tap og 22 baklengsmål. Sjølv Island vart det tap for dette året.

1960-talet: Skippertak[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske landskampar 1960–1965 og norske landskampar 1965–1970

Etter den sørgjelege avslutninga året før, vart austerrikske Willi Kment henta inn som ny trenar i 1960. Seinare same år debuterte ein ung bergensar som var døypt Roald Jensen, men var betre kjent under kallenamnet «Kniksen», på landslaget. Den spedbygde tenåringen dribla seg forbi alt og alle, og med eitt hadde Noreg funne ein ny stjernespelar – og ny optimisme. Eit anna stortalent, Viking sin Olav Nilsen debuterte eit par år seinare. Landslaget fekk glede av «Kniksen» i fire år, før han, akkurat som Per Bredesen før han, vart proff i utlandet, og dermed vart uaktuell for vidare landslagsspel.

Det var lite betring å spore i resultatkolonnen, men av og til greidde Noreg å presterte eit sjokkresultat. I 1961 vann ikkje landslaget ein einaste kamp. I 1962, derimot, vart det siger over både Nederland og Sverige. I det heile var 1960-talet ein periode der Noreg enno tilhøyrde det nedre sjiktet i europeisk fotball, men ved einskilde høve klarte å slå dei store gutane. Eit døme på dette var den høgst overraskande 4-3-sigeren Skottland i Bergen. Ein kom derimot brutalt ned på jorda igjen seinare same år då Noreg tapte 9-0 for Polen. Eit av Noregs mest oppsiktsvekkande resultat på 1960-talet var sigeren over Jugoslavia i ein VM-kvalifiseringskamp i 1965. Jugoslavia hadde spelt EM-finale nokre år tidlegare, men måtte reise heim frå Ullevaal med 0-3 i kofferten, etter scoringar av Finn Seemann, Olav Nilsen og den nye stjernespelaren frå nord, Harald Johan «Dutte» Berg. Noreg spelte òg jamt Frankrike i denne kvalifiseringa, men det vart til slutt to knipne tap for franskmennene. Dette var uansett det næraste Noreg hadde kome eit sluttspel sidan stordomstida på 1930-talet.

Noreg møtte Frankrike på nytt i kvalifiseringa til VM i 1970. I heimekampen tapte Noreg oppskriftsmessig 1-3, men i bortekampen gjorde landslaget eit nytt skippertak og sjokkerte det franske heimepublikummet med å vinne 1-0. Odd Iversen skåra det einaste målet i kampen.

Det kan elles nemnast at Fredrikstad-stopparen Roar Johansen spelte 54 landskampar på rad mellom 1960 og 1967, noko som er rekord. Sjølv ikkje Thorbjørn Svenssen kan vise til ei slik rekkje. Ein annan kuriositet var at keeper Kjell Kaspersen skåra på straffespark i sigeren over Thailand i 1965, og er dermed han einaste målvakta som har skåra for det norske landslaget.

1970-talet: Meir av det same[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske landskampar 1970–1975 og norske landskampar 1975–1980

I 1969 vart den sjølvpålagte amatørparagrafen til NFF oppheva. Dermed kunne utanlandsproffar som «Kniksen» og Finn Seemann igjen ta på seg landslagstrøya, og Harald Berg og Odd Iversen kunne reise ut med god samvit, utan at det øydela høva deira for vidare landslagsspel.

Resultatmessig var det enno lite betring å spore som følgje av regelendringa. Faktisk vart resultatet til landslaget på første halvdelen av 1970-talet om mogleg enno dårlegare. Under kvalifiseringa til EM i 1972 tok Noreg eitt poeng på seks kampar, og i 1972 tapte Noreg 9-0 for Nederland i ein VM-kvalifiseringskamp. Året etter gjekk Noreg på eit kanskje enno meir audmjukande nederlag då dei tapte for Luxembourg.

Det var derimot nokre lyspunkt å spore. Først og fremst gjennom vår nye stjernespeler Tom Lund, som debuterte i 1971. «Tommy» var ein fantastisk speler, og blir av mange rekna som den beste norske spelaren nokosinne – men sjølv ikkje han klarte å bere laget på eigahand, og Noreg enda som regel heilt sist i sine kvalifiseringsgrupper til VM og EM.

På siste halvdelen av 1970-talet var det derimot ei lita betring i resultata. Oppført av Tom Lund og den nye trenaren Tor Røste Fossen vart det sigrar over både Sveits og Sverige i kvalifiseringa til VM i 1978. Sistnemnte kamp blir nok likevel best huska på grunn av grisetaklinga til Svein Grøndalen av den svensken stjernespelaren Ralf Edström. Då Noreg spelte den siste kvalifiseringskampen sin borte mot Sveits hadde Noreg framleis eit teoretisk høve til å nå sluttspelet. Kampen enda derimot 1-0 til sveitsarane, og dermed måtte Noreg nok ein gong bli heime.

Ved sida av A-landslaget hadde Noreg òg eit eige OL-lag på siste halvdelen av 1970-talet. Kriteriet for å spele på OL-laga var at du ikkje var profesjonell, og ikkje hadde spelt nokre VM-kvalifiseringskampar. OL-laget var med andre ord eit B-landslag, men kampane deira vart likevel rekna som offisielle landskampar i Noreg – og i 1979 kvalifiserte OL-laget seg til sluttspelet i Moskva etter å ha slått Finland og Vest-Tyskland sine amatørar i kvalifiseringa. Arne Larsen Økland vart den store helten med sitt vinnarmål i den avgjerande bortekampen mot tyskarane. Økland vart forresten proff i tysk fotball kort tid etterpå.

Det vart derimot aldri noko OL-sluttspel på dei norske spelarane sidan Noreg, saman med USA og dei fleste landa i Vest-Europa, boikotta Moskva-OL som protest mot den sovjetiske invasjonen i Afghanistan.

1980-talet: Høgt oppe og langt nede[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg norske landskampar 1980–1985 og norske landskampar 1985–1990

I den første landskampen på 1980-talet vart det siger over Bulgaria. Ein lovande start på det nye tiåret. Den gode trenden fortsette med 6-1-siger over Finland (ein kamp der Pål Jacobsen skåra fire mål) og siger over Sveits i VM-kvalifiseringa. At det òg vart 0-4 England på Wembley var heller ikkje nokon katastrofe. Så mykje betre enn oss var trass alt engelskmennene – trudde ein.

Knipne tap for Ungarn og Romania våren 1981 sikra at Noreg ikkje kom til noko VM-sluttspel denne gongen heller, men vi hadde enno æra å spele for då sjølvaste England inntok Ullevaal 9. september 1981. Våre fem tidlegare møte med engelske heltidsproffane hadde gjeve fem tap og ein målskilnad på 2-24. Rett nok hadde vi slått England i Antwerpen 61 år tidlegare, men det var jo mot eit engelsk amatørlag. Det var med andre ord få som trudde på noko anna enn nok eit tap denne haustdagen, men vonleg kunne ein kanskje avgrense tapet til eit par mål. I denne kampen hadde jo Noreg Tom Lund og den nye stjerna Hallvar Thoresen tilbake på laget. Ingen av dei hadde spelt kampen på Wembley året før.

Kampen byrja heller dårleg sett med norske auge. England tok ei oppskriftsmessig leiing ved Bryan Robson berre nokre minutt etter avspark – men i staden for å gje opp, kjempa no dei norske spelarane seg inn i kampen igjen, og midtvegs i første omgangen utlikna Noreg då Roger Albertsen forstyrra den engelske keeperen slik at Tom Lund sitt innlegg gjekk rett i mål. Albertsen vart kreditert målet, men TV-bilete viste seinare at han ikkje trefte ballen. Det viktigaste var uansett at Noreg var med i kampen igjen, og då Hallvar Thoresen sette inn det andre målet for Noreg rett før pause lukta det sensasjon. Trass i eit kraftig engelsk press i andre omgangen, vart det ingen fleire mål, og Noreg hadde (i alle fall i auga til media) prestert det beste resultatet sitt nokosinne. Noreg hadde slått sjølvaste England, noko som fekk radiokommentator Bjørge Lillelien til å gå heilt av hengslene, og sende ei helsing til engelske personlegdomar som Churchill og Maggie Thatcher.

Oppført av Tom Lund hadde Noreg eit godt lag på byrjinga av 1980-talet. Året etter England-sigeren vart Jugoslavia utklassa i ein EM-kvalifiseringskamp der Lund, Økland og Åge Hareide skåra dei norske måla – og ved utgangen av 1982 så det ut til at Noreg endeleg kunne klare å kome til eit sluttspel igjen. Slik gjekk det ikkje. Tom Lund la opp midtvegs i kvalifiseringa, og utan playmakeren sin var Noreg igjen eit middelmåtig lag. Noreg tok berre eitt poeng på dei attverande EM-kvalifiseringskampane, og enda nok ein gong sist i gruppa.

OL-laget vart òg sett saman igjen, denne gongen for å kvalifisere seg til olympiaden i Los Angeles. Noreg kom derimot berre på tredjeplass i gruppa si bak Polen og DDR – men då austblokklanda seinare valde å boikotte OL som eit slags takk for sist, fekk Noreg den ledige plassen. Noreg klarte å bite godt frå seg i OL-turneringa, men trass i eit vedvarande press vart det mållaust i opningskampen mot Chile. I den andre kampen vart det eit knipent tap for Frankrike, og då hjelpte det lite at Noreg vann 2-0 over Qatar i den siste kampen. Noreg vart slått ut i det innleiande gruppespelet. På den ljose sida inneheldt OL-laga ei rekkje spelarar som skulle bli viktige bidragsytarar for A-landslaget i åra framover – spelarar som Per Egil Ahlsen, Terje Kojedal, Tom Sundby og ikkje minst keeper Erik Thorstvedt.

På midten av 1980-talet tok landslaget to nye skalpar. I 1985 vann Noreg borte over dei regjerande verdsmeistrane frå Italia, og våren etter vart dei komande verdsmeistrane Argentina slått på Ullevaal. Begge desse kampane var derimot privatlandskampar, og i dei kampane som verkeleg hadde tyding var Noreg fortsett ein kasteball. Berre nokre veker etter sigeren over Italia tapte Noreg 5-1 for Danmark i eit VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal, og i kvalifiseringa til EM i 1988 vart ein imponerande siger over Frankrike etterfylgt av to strake tap for Island. Noreg på 1980-talet var eit lag som på ein god dag i stand til å slå kven som helst. Problemet var berre at Noreg på ein dårleg dag var i stand til å tape for kven som helst – og at det var fleire dårlege enn gode dagar.

1990-talet: Drillos erobrar verda[endre | endre wikiteksten]

Egil «Drillo» Olsen tok over som landslagstrenar etter Ingvar Stadheim i 1990.
Sjå òg norske landskampar 1990–1995 og norske landskampar 1995–2000

Etter ein dårleg start på kvalifiseringa til 1992-EM, valde landslagssjef Ingvar Stadheim å trekkje seg i oktober 1990. Han vart erstatta av U21-landslagstrenar Egil «Drillo» Olsen, og dette trenarbyttet skulle føre til den beste perioden til landslaget i moderne tid.

Drillo hadde klåre oppfatningar om korleis fotball skulle spelast, og hadde nokre ufråvikelege prinsipp i spelestilen sitt: hissige gjennombrot, soneforsvar, at ballen alltid skulle spelast i lengderetninga, at ein skulle slå langt når motstandaren var i balanse og utnytte overgangar når motstandaren var i ubalanse. Det var ikkje alltid like pent å sjå på, men spelestilen gav resultat.

Viss ein ser på enkeltspelarane var nok ikkje dette det beste laget Noreg nokosinne hadde hatt. Strengt tatt hadde Noreg anno 1990 berre to spelarar som heldt høg internasjonal klasse – Erik Thorstvedt og Rune Bratseth. Desse to vart berebjelkane i landslaget, som elles vart supplert med unggutar som Øyvind Leonhardsen, Stig Inge Bjørnebye, Lars Bohinen og Erik Mykland.

Den første indikasjonen på at Noreg hadde noko stort på gang kom i EM-kvalifiseringskampen mot Italia 5. juni 1991, der Noreg vann 2-1 etter scoringar av Bohinen og Tore André Dahlum. Tidlegare same kveld hadde U21-landslaget slakta Italia sine unggutar med heile 6-0. Noko EM-sluttspel vart det likevel ikkje, men Noreg hengde med i gruppa heilt til siste kampen og enda til slutt på ein respektabel tredjeplass, bak Sovjetunionen og Italia.

Mot slutten av EM-kvalifiseringa børsta Drillo støvet av den tidlegare ungdomsstjerna Kjetil Rekdal, som hadde vore ute av landslagsdiskusjonen i over to år etter eit mislukka opphald i tysk fotball. Han skulle bli ein av dei viktigaste spelarane for landslaget på 1990-talet.

I kvalifiseringa til 1994-VM hamna Noreg i gruppe med England, Nederland og Polen – ei tilsynelatande umogleg oppgåve. Noreg opna kvaliken med å slå miniputtstaten San Marino heile 10-0. Denne kampen vart følgt av ein overraskande siger over Nederland, og då Noreg òg klarte uavgjort borte mot England takka vere Kjetil Rekdal sitt draumetreff frå drygt 20 meter byrja ein for alvor å tru på VM-billett.

Vegen til VM fortsette i 1993, der Noreg tok ein flott siger mot Tyrkia og regelrett utspelte England på Ullevaal. Noreg hadde marginane på si side då bortekampen mot Nederland enda mållaust, og då Noreg feia Polen av banen med 3-0 i Poznan etter scoringar av Jostein Flo, Jan Åge Fjørtoft og Ronny Johnsen, var Noreg klåre for VM-sluttspel for første gongen sidan 1938. For årets prestasjonar fekk landslaget tildelt Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnamn», dette er forresten første og einaste gong prisen er gjeve til eit heilt lag.

I sluttspelet var Noreg prega av den sterke varmen, og moglegvis òg av alvoret som prega det. Turneringa byrja med siger mot Mexico i ein ikkje altfor velspelt kamp, der innbyttar Kjetil Rekdal vart matchvinnar. Denne kampen vart følgt av eit 1-0-tap for Italia, noko som tydde at alle laga i gruppa hadde tre poeng etter to kampar, og at Noreg ville gå vidare med siger Irland – og òg med uavgjort viss kampen mellom Mexico og Italia fekk ein vinnar. Det enda derimot mållaust mot Irland i ein særs lite velspelt kamp, og då òg Mexico-Italia enda uavgjort var Noreg slått ut med minste moglege marginen. Etter turneringa byrja for første gongen kritiske røyster å heve seg mot spelestilen til Drillo, men denne kritikken stilna snart – i alle fall heime i Noreg.

Noreg så lenge ut til å kvalifisere seg til EM i 1996, men snubla i dei siste kampane mot Tsjekkia og Nederland, og måtte dermed bli heime. På dette tidspunktet hadde Bratseth og Thorstvedt gjeve seg, og vorte erstatta av høvesvis Henning Berg og Frode Grodås. To andre nye fjes i neste VM-kvalifisering var dei unge spissane Tore André Flo og Ole Gunnar Solskjær. Sistnemnte vart tomålsskårar då Noreg vann 5-0 over Aserbajdsjan og vart seinare proff i Manchester United. Flo fekk det store gjennombrotet sitt då han laga to mål i sigeren over Brasil på Ullevaal i ein privatlandskamp. VM-billettane vart sikra då Noreg vann 4-0 borte over Finland to rundar før slutt.

Akkurat som 60 år tidlegare var Noreg klåre for VM i Frankrike. Historia skulle etterkvart gjenta seg på fleire måtar. Som i det førre VM-sluttspelet opna Noreg med relativt svakt spel. Dei to første kampane mot Marokko og Skottland enda begge uavgjort, og dermed stod ein overfor ei tilsynelatande umogleg oppgåve for å sikre vidare avansement – Noreg måtte slå Brasil.

23. juni 1998 i Marseille vil alltid bli hugsa som ein merkedag i norsk fotballhistorie. Det var nok Brasil som hadde det meste av spelet, og då Bebeto gav brasilianarane leiinga etter 78 minutt trudde dei fleste at kampen var over. Tore André Flo utlikna derimot med eit flott mål berre nokre minutt seinare, og då same menn vart lagt i bakken to minutt før slutt fekk Noreg straffespark. Kjetil Rekdal sette ballen sikkert i mål, og Noreg var klare for åttandedelsfinale – nok ein gong i Marseille, og nok ein gong mot Italia.

Kampen mot Italia var spelemessig skuffande. Italia tok ei tidleg leiing ved Christian Vieri, og i resten av kampen vart det norske angrepsspelet nøytralisert av det særs solide italienske forsvaret, og akkurat som i 1938 vart Noreg slått ut av Italia. Drillo hadde før turneringa annonsert at han kom til å gje seg som trenar etter VM, og den nye landslagssjefen vart Nils Johan Semb.

2000-talet: Tilbake til kvardagen[endre | endre wikiteksten]

Noregs lagoppstilling i forkant av vennskapskampen mot England den 26. mai 2012. Øvst frå venstre: Vadim Demidov, Morten Gamst Pedersen, Markus Henriksen, Daniel Braaten, Mohammed Abdellaoue og Brede Hangeland. Føre frå venstre: Alexander Tettey, Tarik Elyounoussi, Tom Høgli, Rune Almenning Jarstein og John Arne Riise.
Foto: John Christian Fjellestad
Sjå òg norske landskampar 2000–2005 og norske landskampar 2005–2010.

Semb fortsette i same løypa som Drillo, sjølv om nye spelarar som Steffen Iversen, John Carew og John Arne Riise etterkvart kom til. Etter ein treg start fekk Semb etterkvart sving på sakene, og førde Noreg til sitt første EM-sluttspel. Sluttspelet byrja bra, men enda skuffande. I den første kampen vann Noreg Spania etter at Steffen Iversen skåra på eit typisk Drillo-angrep. I den andre kampen tapte Noreg for Serbia og Montenegro, men kunne likevel avgjere sjølv i siste gruppekamp mot Slovenia. Uavgjort mot Slovenia ville halde viss Serbia og Montenegro slo Spania, eller viss han enda uavgjort.

Det vart til slutt mållaust mellom Noreg og Slovenia i det som må kunne skildrast som ein trist kamp. I den andre kampen leia Serbia og Montenegro 3-2 ved slutten av ordinær tid, så det verka som om Noreg likevel hadde klart å gå vidare. Spania skåra derimot to kjappe mål på overtid og vann kampen. Dermed var Noreg slått ut, og denne gongen var det ikkje berre i utlandet at landslaget måtte tole kritikk. Òg heime i Noreg vart spelestilen og taktikken slakta i media.

Ein svak start på kvalifiseringa til VM i 2002 bidrog ikkje til å dempe kritikken mot Semb. Etter fem spelte kampar stod Noreg bokført med fattige to poeng, og etter eit tiår med nestan berre oppturar vart det klårt at VM i Japan og Sør-Korea ville bli spelt utan norsk deltaking. Noreg avslutta kvalifiseringa med tre strake sigrar, men på det tidspunktet var det for seint.

Trass i aukande mistillit vart Semb sitjande i sjefsstolen òg i den påfølgjande EM-kvalifiseringa, der Noreg til slutt kapra andreplassen bak Danmark, og måtte ut i «playoff» mot Spania. I den første kampen, som vart spelt i Spania, vart det eit knapt 2–1 tap, noko som gav optimisme føre returkampen på Ullevaal. Returkampen vart derimot eit mareritt. Spanjolane var best i absolutt alt, og vann til slutt 3–0. Dermed vart det ikkje noko EM-sluttspel, og etter denne kampen valde Semb å gå av.

Noregs nye landslagssjef vart den gamle storspelaren Åge Hareide, som kom frå trenarjobben i Rosenborg og vart tilsett i januar 2004. Hareides «Nye Noreg» vann sine seks første kampar. Rett nok var mange av desse kampane mot annanrangs motstand, men dei gode resultata skapte uansett ny entusiasme rundt landslaget. I kvalifiseringa til VM i 2006 vart resultata særs varierande – frå ein imponerande 3–0 siger over Slovenia til ein skuffande uavgjort mot Moldova og heimetap for Skottland. Noreg enda til slutt på andreplass i gruppa, bak Italia, og måtte ut i playoff igjen, denne gongen mot Tsjekkia. Noreg leverte ein heiderleg innsats i Praha, etter ein særs dårleg kamp på Ullevaal. Begge kampane enda derimot med ettmålstap, og dermed måtte Noreg nok ein gong bli heime.

I kvalifiseringa til EM 2008 starta Noreg bra med ein siger borte mot Ungarn, resultata var ujamne og i byrjinga av 2007 leia Noreg 2–0 borte mot Tyrkia. Etter to keepertabbar av Thomas Myhre enda kampen 2–2. Etter denne kampen såg det nesten umogeleg ut å nå EM. Men resultata betra seg kraftig i løpet av sommeren, der Noreg vann 4–0 både over Malta og Ungarn heime, og 1–0 borte mot Moldova. Sommaren fortsette med siger i ein privatlandskamp heime mot Argentina 2–1. På hausten spelte landslaget 2–2 heime mot Hellas, og Noreg kunne sikre seg ein plass i EM-sluttspelet med uavgjort heime mot Tyrkia. Noreg tok leiinga, men kampen enda skuffande og Tyrkia vann til slutt 2–1. Dermed måtte Tyrkia tape poeng heime mot Bosnia i tillegg som Noreg samtidig måtte slå Malta borte. Noreg vann, men Tyrkia gjorde jobben heime og Noreg hamna då på tredjeplass i gruppa, eitt poeng bak Tyrkia og to bak Hellas.

Den 8. desember 2008 trekte Åge Hareide seg som landslagstrenar, etter eit heilt år utan siger for landslaget. Det var då 30 år sidan det norske landslaget hadde spelt eit heilt kalenderår utan siger. Det var under Tor Røste Fossen i 1978[2]

Det vart i januar 2009 kjent at Egil Olsen gjorde comeback som landslagstrenar for Noreg. Drillos nye lag fekk to sterke bortesigrar i venskapskampar, mot Tyskland og Sveits, men klarte ikkje å rette opp den dårlege starten i kvalifiseringa til VM i 2010 og rauk med ti poeng frå åtte kampar ut som den svakaste toaren i dei ni kvalifiseringsgruppene. Noreg tapte for Nederland borte, og spelte uavgjort mot Island og Makedonia borte, men vann sine to heimekampar mot Skottland og Makedonia.

Egil Olsen inngjekk etter kvalifiseringa ein avtale om å føre Noreg i kvalifiseringa til EM 2012, før Ståle Solbakken skulle ta over. Solbakken kom seinare til semje med fotballforbundet om å avbryte kontrakten, og vart trenar for det tyske laget 1. FC Köln

Sesongen 2010 vart eit strålende år for Drillo og Noreg. Då alle kampane var spelt hadde dei vunne sju kampar og tapt berre to. Dei leia kvalik-gruppa med ni poeng, etter sigrar mot Island, Portugal og Kypros.

Resultat i meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Olympiske leker[endre | endre wikiteksten]

År Runde K V U T Mf Mm
Det britiske flagget Sommar-OL 1908 Deltok ikkje
Flagget til Sverige Sommar-OL 1912 2. runde 1 0 0 1 0 7
Flagget til Belgia Sommar-OL 1920 2. runde 2 1 0 1 3 5
Flagget til Frankrike Sommar-OL 1924 Deltok ikkje
Det nederlandske flagget Sommar-OL 1928 Deltok ikkje
Flagget til Tyskland Sommar-OL 1936 Bronsevinnar 4 3 0 1 10 4
Det britiske flagget Sommar-OL 1948 Deltok ikkje
Flagget til Finland Sommar-OL 1952 1. runde 1 0 0 1 1 4
Flagget til Australia Sommar-OL 1956 Deltok ikkje
Flagget til Italia Sommar-OL 1960 Ikkje kvalifisert
Flagget til Japan Sommar-OL 1964 Deltok ikkje
Flagget til Mexico Sommar-OL 1968 Deltok ikkje
Flagget til Vest-Tyskland Sommar-OL 1972 Deltok ikkje
Flagget til Canada Sommar-OL 1976 Ikkje kvalifisert
Det sovjetiske flagget Sommar-OL 1980 Trakk seg
Det amerikanske flagget Sommar-OL 1984 1. runde 3 1 1 1 3 2
Flagget til Sør-Korea Sommar-OL 1988 Ikkje kvalifisert
Flagget til Spania Sommar-OL 1992 Deltok ikkje
Det amerikanske flagget Sommar-OL 1996 Deltok ikkje
Flagget til Australia Sommar-OL 2000 Deltok ikkje
Flagget til Hellas Sommar-OL 2004 Deltok ikkje
Den kinesiske flagget Sommar-OL 2008 Deltok ikkje
Flagget til England Sommar-OL 2012 Deltok ikkje
Totalt: 5 / 23 11 5 1 6 17 22
 

Verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

År Runde Pos. K V U T Mf Mm
Flagget til Uruguay VM i fotball 1930 Deltok ikkje
Flagget til Italia VM i fotball 1934 Deltok ikkje
Flagget til Frankrike VM i fotball 1938 1. runde 12. 1 0 0 1 1 2
Flagget til Brasil VM i fotball 1950 Deltok ikkje
Flagget til Sveits VM i fotball 1954 Ikkje kvalifisert
Flagget til Sverige VM i fotball 1958 Ikkje kvalifisert
Flagget til Chile VM i fotball 1962 Ikkje kvalifisert
Flagget til England VM i fotball 1966 Ikkje kvalifisert
Flagget til Mexico VM i fotball 1970 Ikkje kvalifisert
Flagget til Vest-Tyskland VM i fotball 1974 Ikkje kvalifisert
Flagget til Argentina VM i fotball 1978 Ikkje kvalifisert
Flagget til Spania VM i fotball 1982 Ikkje kvalifisert
Flagget til Mexico VM i fotball 1986 Ikkje kvalifisert
Flagget til Italia VM i fotball 1990 Ikkje kvalifisert
Det amerikanske flagget VM i fotball 1994 1. runde 17. 3 1 1 1 1 1
Flagget til Frankrike VM i fotball 1998 2. runde 15. 4 1 2 1 5 5
Flagget til Sør-KoreaFlagget til Japan VM i fotball 2002 Ikkje kvalifisert
Flagget til Tyskland VM i fotball 2006 Ikkje kvalifisert
Flagget til Sør-Afrika VM i fotball 2010 Ikkje kvalifisert
Flagget til Brasil VM i fotball 2014 Under kvalifisering
Totalt: 3/20 8 2 3 3 7 8
 

Europameisterskap[endre | endre wikiteksten]

År Runde K V U T Mf Mm
Flagget til Frankrike EM i fotball 1960 Ikkje kvalifisert
Flagget til Spania EM i fotball 1964 Ikkje kvalifisert
Flagget til Italia EM i fotball 1968 Ikkje kvalifisert
Flagget til Belgia EM i fotball 1972 Ikkje kvalifisert
Flagget til Jugoslavia EM i fotball 1976 Ikkje kvalifisert
Flagget til Italia EM i fotball 1980 Ikkje kvalifisert
Flagget til Frankrike EM i fotball 1984 Ikkje kvalifisert
Flagget til Vest-Tyskland EM i fotball 1988 Ikkje kvalifisert
Flagget til Sverige EM i fotball 1992 Ikkje kvalifisert
Flagget til England EM i fotball 1996 Ikkje kvalifisert
Flagget til BelgiaDet nederlandske flagget EM i fotball 2000 1. runde 3 1 1 1 1 1
Flagget til Portugal EM i fotball 2004 Ikkje kvalifisert
Flagget til AusterrikeFlagget til Sveits EM i fotball 2008 Ikkje kvalifisert
Flagget til PolenFlagget til Ukraina EM i fotball 2012 Ikkje kvalifisert
Totalt: 1/14 3 1 1 1 1 1

Statistikk og rekordar[endre | endre wikiteksten]

Største sigrar[endre | endre wikiteksten]

Største tap[endre | endre wikiteksten]

Flest A-landskampar[endre | endre wikiteksten]

Spelarar i kursiv er fortsatt aktive. Oppdatort t.o.m. 12. september 2012
     

Flest landslagsmål[endre | endre wikiteksten]

Spelarar i kursiv er fortsatt aktive. Sist oppdatort 12. september 2012.
     

Kampar med flest tilskodarar[endre | endre wikiteksten]

Liste med alle landskampar med over 60 000 tilskodarar, i følgje denne lista.

Dato Kamp Res. Tilskodarar Arena
1. 10. november 1957 Ungarn – Noreg 5–0 91 000 Budapest
2. 28. juni 1994 Noreg – Irland 0–0 76 322 Giants Stadium, New York
3. 22. november 1953 Vest-Tyskland – Noreg 5–1 75 000 Hamburg
4. 23. juni 1994 Noreg – Italia 0–1 74 624 Giants Stadium, New York
5. 31. oktober 1981 Ungarn – Noreg 4–1 68 000 Budapest
6. 25. oktober 1978 Skottland – Noreg 3–2 65 382 Hampden Park, Glasgow
7. 6. november 1955 Nederland – Noreg 3–0 65 000 Amsterdam
3. juni 1981 Romania – Noreg 1–0 65 000 București
9. 22. mai 1994 England – Noreg 0–0 64 327 Wembley stadion, London
10. 4. november 1959 Nederland – Noreg 7–1 64 000 Rotterdam
11. 15. november 1989 Skottland – Noreg 1–1 63 987 Hampden Park, Glasgow
12. 5. november 1950 Jugoslavia – Noreg 4–0 60 000 Beograd
3. november 1957 Bulgaria – Noreg 7–0 60 000 Sofia
23. juni 1998 Noreg – Brasil 2–1 60 000 Stade Vélodrome, Marseille
27. juni 1998 Noreg – Italia 0–1 60 000 Stade Vélodrome, Marseille

Av desse femten kampane har Noreg vunne éin, spelt tre uavgjort og tapt elleve. Målskilnaden er 8–43.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. – Eg er veldig overraska
  2. vg.no: Riise utvist for «drittpreik» Publisert 19. november 2008, besøkt 10. april 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det norske herrelandslaget i fotball