Meteorologisk institutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo.
Foto: Kjetil Ree

Grunnleggjar(ar)Henrik Mohn
VirkefeltNoreg
Skipa1. desember 1866[1]
Org.nummer971274042
HovudkontorOslo
UndergrupperKlima- og miljødepartementet[1]
Nettsidehttp://www.met.no

Meteorologisk institutt (tidlegare Det norske meteorologiske institutt, DNMI) er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet, med ansvar for både sivile og militære meteorologiske tenester.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt vart stifta som eit institutt ved Universitetet i Oslo ved stortingsvedtak våren 1866 og kongeleg resolusjon den 28. juli same året. Institusjonsnamnet var da Det norske meteorologiske institutt (DNMI). Den fyrste styraren, Henrik Mohn, var samtidig professor ved universitetet, men fekk seinare tittelen direktør, etter at instituttet i 1909 vart skilt ut som ein frittståande institusjon og lagt direkte under Kyrkje- og undervisingsdepartementet.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt driv fyrst og fremst med vêrvarsling, men driv òg med forsking innan meteorologi, oseanografi og klima. Instituttet tek aktivt del i internasjonalt samarbeid og er mellom anna ein internasjonal pådrivar for å få ned prisen på meteorologiske data.

Meteorologisk institutt driv desse nettenestene:

Meteorologisk institutt har hovudkontoret sitt i Oslo, med vêrvarslingssentralar i Bergen og Tromsø. Instituttet har eit vêrtenestekontor i Longyearbyen og fire vêrtenestekontor tilknytt Forsvaret sine flystasjonar på Ørland, Andøya, Bodø og Bardufoss. Det er om lag 440 tilsette ved Meteorologisk institutt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://www.met.no/en/About-us/About-MET-Norway.
  2. Alle årets dager 2008 Arkivert 2011-12-16 ved Wayback Machine., Årsrapport for Meteorologisk institutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]