Det republikanske partiet i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Republican Party (norsk Det republikanske partiet) er eitt av dei to dominerande politiske partia i dagens USA (det andre er det demokratiske partiet). Medlemer i partiet vert ofte kalla republikanarar. I engelske tekstar vert partiet ofte omtala som «GOP», som er ei forkorting for «Grand Old Party».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det republikanske partiet vart skipa i 1854 som eit resultat av «The Kansas-Nebraska Act», som kongressen vedtok same år. Vedtaket gjekk ut på at Kansas og Nebraska, som no skulle verte delstatar i Unionen, sjølve skulle få avgjere om dei ville ha slaveri eller ikkje. Eit av dei to dominerande partia, Whig, vart oppløyst som følgje av dette lovvedtaket. Whig hadde fram til no vore det av dei store partia som hadde gått lengst i å ville avvikle slaveriet. Dei fleste av desse gjekk no inn i det republikanske partiet. Blant desse var Illinoisadvokaten Abraham Lincoln. Free Soil-partiet vart og oppløyst og medlemmane gjekk over i det republikanske partiet. Partiet fekk og tilslutning frå demokratar som var motstandarar av slaveriet.

Partiet stilte for fyrste gong med kandidat til presidentvalet i 1856. John Fremont var partiet sin fyrste presidentkandidat. Han vart den fyrste presidentkandidaten frå eit av dei store partia i USA som gjekk til val på eit program som gjekk inn for å avvikle slaveriet. Fremont tapte presidentvalet for demokraten James Buchanan. Fire år seinare vann partiet presidentvalet og Abraham Lincoln vart president. Ved presidentvalet i 1864 allierte partiet seg med den delen av det demokratiske partiet som støtta Unionen i borgarkrigen og byta namn til National Union Party. Namnet vart endra attende etter borgarkrigen.

Frå og med presidentvalet i 1868 og fram til valet i 1932 var partiet det dominerande partiet i USA. Det var berre i 16 av desse åra at presidenten ikkje kom frå det republikanske paritet, sjølv om partiet var prega av fleire skandalar. I byrjinga av 1900-talet vart partiet fanebærar for progressivismen under presidentane Theodore Roosevelt og William Howard Taft.

Etter at demokraten Woodrow Wilson vart vald til president i 1912 mista tilhengarane av progressivismen makta i partiet, og partiet utvikla seg i meir marknadsliberalistisk retning, noko som kom godt til syne under regjeringstida til Calvin Coolidge og Herbert Hoover. Størsteparten av partiet var og i opposisjon til Franklin D. Roosevelt og hans New Deal. I tida etter 2. verdskrigen bevega partiet seg til venstre igjen.

Medan den tidlegare sterke støtta i nordstatane har minka, har støtta i sørstatane auka. I tillegg har fleire statar i Midtvesten vore viktige republikanske bastionar.

Presidentar frå det republikanske partiet[endre | endre wikiteksten]