Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, på engelsk United Kingdom of Great Britain and Ireland vart skipa den 1. januar 1801. Kongeriket kom til som ei samanslåing av Kongeriket Storbritannia og Kongeriket Irland. Kongeriket Storbritannia var i si tid ei samanslåing av kongedøma Skottland og England i 1707. Det irske Parlamentet gjorde i august 1800 vedtak om å leggja seg sjølv ned. Lov av 1801 om union mellom Storbritannia og Irland, den såkalla "Act of Union" vart då vedteken. Den irske fristaten fekk sjølvstende i 1922. Kongeriket "Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland" hadde sitt gamle namn fram til 1927 då det vart vedteke å skifta namn til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland). Ei eiga lov vart vedteke om namneskiftet.

Irland skulle verta representert av kring 100 medlemer i det sameinte parlamentet. I tillegg vart det lova trusfridom for dei irske katolikkane. Katolsk trusfridom vart stogga av kong Georg III. Han meinte at å gje trusfridom til tilhengjarar av den romersk-katolske kyrkja ville føra med seg at han braut kroningseiden sin.

Fleire generasjonar av irske leiarar argumenterte for sjølvstyre i Irland. Daniel O'Connell klarde å få den britiske regjeringa til å innvilga trusfridom for dei irske katolikkane i 1829. Freistnaden på å få ein slutt på unionen fall i fisk. Seinare leiarar, som Charles Stewart Parnell, argumenterte for eit heimestyre innanfor unionen.

I 1919 etablerte dei irske medlemene i det britiske parlamentet eit eige irsk parlament, Dáil Éireann. Eamon de Valera vart vald til president av Dáil Éireann. Ein krig, kalla den irske sjølvstendekrigen, mellom irske og britiske styrkar vart utkjempa mellom 1919 og 1921. I desember 1922 gjekk 26 av fylka i Irland ut av unionen og etablerte ein eigen irsk fristat. Seks fylke, kalla Nord-Irland, vart verande i unionen.

Flagget til det sameinte kongeriket[endre | endre wikiteksten]

Union Jack, unionsflagget

Flagget frå 1801 er framleis flagget til det noverande sameinte kongeriket. Flagget er kjend som "Union Jack". Flagget kombinerte dei dåverande flagga til England og Skottland med det irske St. Patrick flagget.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]