Det saudiarabiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det saudiarabiske flagget. Storleikstilhøve 2:3
Den første saudiarabarane på Mount Everest, Farouq Alzouman, med Koranen og det saudiarabiske flagget.

Det saudiarabiske flagget er eit grønt flagg med kvite symbol. Sentralt på flagget står den muslimske truvedkjenninga i thuluth-skrift, under denne er det plassert eit rett sverd. Flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i si noverande form den 15. mars 1973. Det blir nytta på land og til sjøs som statsflagg og orlogsflagg.

Flagget har storleikstilhøvet 2:3. Det er likt på begge sider; baksida skal ikkje vera spegelvendt.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Eit grønt flagg med den muslimske truvedkjenninga på blei brukt av wahabittane frå slutten av 1800-talet. Tidlege variantar kunne også ha ei kvit stripe ved stangsida av flaggduken. Sverdet kom med i 1902 då Ibn Saud blei konge av Nejd som symbol for hans innsats og erobringar. Flagget, som også fanst i variantar med kvit stripe og to krosslagde sverd, blei vidareført då kongedømet Saudi-Arabia blei skipa i 1932.

Sverdet var opphavleg krumma, men i 1973 blei det fastsett at sverdet skal vera rett.[2]

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Grønt skal ha vore fargen profeten Muhammed føretrekte, og er rekna som eit symbol på islam. Også kvit er rekn som ein viktig farge i islam, han kan stå for fred og reinleik.

Det saudiarabiske flagget blir aldri flagga på halv stang.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ettersom truvedkjenninga er heilag set saudiarabarane strenge krav til korleis flagget kan handsamast. Det blir heist frå høgre side. Det skal aldri flaggast på halv stang eller snuast vertikalt.[3]

FIFA planla å laga ein fotball med flagga til alle deltakarlanda ved VM i 2002, protesterte Saudi-Arabia, ettersom dette ville medføra at ein sparka til truvedkjenninga.

Handelsflagg[endre | endre wikiteksten]

Saudi-Arabias handelsflagg består av ein grøn duk med nasjonalflagget innsett i kantonen og skilt frå den øvrige flaggduken ved ein kvit kant. Også dette flagget er i størrelsesforholdet 2:3.

Orlogsgjøsen til Saudi-Arabia.

Orlogsflagg[endre | endre wikiteksten]

Saudi-Arabia fører no nasjonalflagget også som orlogsflagg. Tidlegare skilte orlogsflagget seg frå nasjonalflagget ved eit blått felt ved stonga der det var innsett eit emblem for sjøforsvaret. Dette merket finst framleis i orlogsgjøsen som blir nytta på saudiarabiske marinefartøy.

Det saudiarabiske kongeflagget.

Kongeflagg[endre | endre wikiteksten]

Kongeflagget er som nasjonalflagget men med tillegg av riksvåpenet, eit merke med ei palme og to krosslagde sverd, i gult i nedre hjørne ved stanga.

Likande flagg[endre | endre wikiteksten]

Grønt og kvitt er vanlege fargar i nasjonalflagge til arabiske og muslimske land Det pakistanske flagget er grønt og kvitt med muslimske symbol som det saudiarabiske, medan det libyske flagget er heilt grønt. Den muslimske truvedkjenninga inngår òg i det afghanske flagget. Mutawakkil-kongedømet Nord-Jemen brukte eit raudt flagg, først med truvedkjenninga og seinare med eit krumma sverd som motiv.

Det saudiarabiske flagget er eitt av tre nasjonalflagg som har ulik fram- og bakside. Dei andre er paraguyanske og det moldoviske flagget.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. THE BASIC LAW OF GOVERNANCE Arkivert 2014-03-23 ved Wayback Machine. ved saudiembassy.net
  2. Saudi Arabia, Flags Of The World, flagspot.net
  3. Saudi King Fahd is laid to rest, BBC News, bbc.co.uk, 2 August 2005
  4. Flag Description Arkivert 2013-05-20 ved Wayback Machine., Saudi Arabia, CIA World Factbook, 2011