Det sentralsibirske platået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sibir sett frå lufta

Det sentralsibirske platået (russisk Среднесиби́рское плоского́рье - Srednesibirskoje ploskogore) er eit skarpt markert platå med varierande høgd som dekkjer det meste av Sibir mellom elvane Jenisej og Lena. Platået dekkjer eit område på 3,5 millionar kvadratkilometer. Det høgaste området er Putoranplatået som stig til 1701 meter over havet. Purotanfjella ligg heilt nord på platået og sør for platået ligg dei austlege Sajanfjella og Bajkalfjella. I aust glir platået gover i låglandet i Sakha.[1]

Klimaet er kontinentalt med korte, varme somrar og lange, særs kalde vintrar. Det meste av området er dekt av barskog (lerketre). Den største elva på platået er Nedre Tunguska. Området er geologisk kjend for Dei sibirske trappene med særs mange mineralressursar, som kol, jernmalm, gull, diamantar og naturgass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Central Siberian Plateau. Encyclopedia Britannica. Vitja 4. november 2008.

Koordinatar: 68°00′N 95°00′E