Det spanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det spanske riksvåpenet
Det spanske kongevåpenet.

Det spanske riksvåpenet er sett saman av seks andre våpen. Skjoldet har fire delar som inneheld våpna til Castilla, León, Aragon og Navarra. Under desse står eit granateple for Granada, medan dei tre liljene til huset Bourbon ligg i midten.

På kvar side står Herkules-søylene, som er eit gammalt omgrep knytt til Gibraltarsundet, og dei latinske orda plus ultra, som tyder 'og forbi' og viser til dei tidlegare spanske koloniane. Over det heile tronar den spanske kongekrona.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]