Partido Socialista Obrero Español

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partido Socialista Obrero Español


LandSpania
Partileiar(ar)Cristina Narbona
GeneralsekretærPedro Sánchez
GrunnleggjararPablo Iglesias
Grunnlagt2. mai 1879
Medlemstal189 167 (2016)
Ideologiprogressivisme, proeuropeisk, demokratisk sosialisme, Sosialdemokrati, republikanisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre

Partido Socialista Obrero Español (PSOE)- på norsk Det spanske sosialistiske arbeidarpartiet - er eit politisk parti i Spania. Det vart skipa 2. mai 1879 som Partido Socialista del Trabajo (Sosialistisk Arbeidsparti) og omdøypt til sitt noverande namn i 1888. PSOE reknar seg i dag som eit sosialdemokratisk parti. Leiar i PSOE har sidan 2016 vore Pedro Sánchez.

Partiet var mellom regjeringspartia i folkefront-regjeringa (1936-1939), men vart forbode under Franco-diktaturet, og arbeidde då illegalt. Partiet vart nystarta i 1974, og etter at partia vart lovlege i 1976, vart Felipe González leiar. I 1979 gjekk partiet bort frå mykje av det marxistiske tankegodset dei delvis hadde hatt, og utvikla seg sidan i såkalla moderat leid (Sosialdemokrati). Partiet er for spansk medlemskap i NATO og EU. På den andre sida trekte dei straks dei spanske soldatane ut av Irak etter dei vann valet i 2004.

PSOE skipa regjering første gongen (etter borgarkrigen og diktaturet) i 1982 og hadde statsministeren uavbrote fram til 1996. Valet i 2004 fann stad kort etter terrorangrepet mot toga i Madrid, og det konservative regjeringspartiet tapte stort etter å ha loge for veljarane om kven som stod attom. 16. april 2004 vart Zapatero vald til statsminister av det spanske parlamentet.

Korrupsjonsskandalar i det konservative partiet førte til at PSOE vann valget i 2019. Pedro Sánchez vart statsminister i januar 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]