Det store skismaet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det store skismet (frå gresk skhisma 'rivje') er ei nemning på splittinga av den kristne kyrkja i 1054. Patriarkata i Roma og Konstantinopel braut då med kvarandre, og dermod oppstod den ortodokse kyrkja og den katolske kyrkja som to ulike religiøse og organisatoriske einingar.

Skismet kom etter at den austlege og vestlege delen av kyrkja over lang tid hadde utvikla distinkte særdrag. Så lenge desse fyrst og fremst viste seg i det ytre, som i liturgien, kunne dei sameinast. Etter kvart som det også utvikla seg dogmatiske skilnader vart tilhøva i kyrkja prega av uforsonlege stridar.

Skismet var eit faktum då pave Leo IX og patriarken av Konstantinopel, Mikael Kerularius, i 1054 gjensidig ekskommuniserte både kvarandre og dei motsvarande kyrkjesamfunna. Felles nattverdsfeiring bestod, med nokre avgrensingar, til dess Konstantinopel vart erobra av muslimar i 1453.

Den felles ekskommunikasjonen vart ståande til 1965, då ein i samband med det andre vatikankonsilet oppheva den i tråd med den rådande økumeniske tamkegangen. Begge kyrkjene oppfattar den andre som skismatisk, noko som tyder at ein i utgangspunktet har den sanne trua, men ikkje forvaltar henne på rette måten.

I dag aksepterer den katolske kyrkja at ortodokse kristne tek mot katolsk nattverd dersom deira eigen patriark godtek det. Den ortodokse kyrkja tillèt ikkje katolikkar å ta mot ortodoks nattverd, utan i heilt særlege omstende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]