Det straumlinja systemet for translitterasjon av bulgarsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det straumlinja systemet for translitterasjon av bulgarsk (bulgarsk Обтекаема система, engelsk Streamlined System) vart skapt av matematisk institutt ved det bulgarske vitskapsakademiet i 1995.[1][2][3]

Systemet vart offisielt vedteke av regjeringa i 2000[4][5][6] og 2006,[7] og la grunnlaget for den bulgarske translitterasjonslova av 2009.[8]

Det straumlinja systemet vart vedtatt brukt også av SN i 2012,[9] og til offentlig bruk i USA og Storbritannia, etter BGN og PCGN i 2013.[10]

А
A
Б
B
В
V
Г
G
Д
D
Е
E
Ж
ZH
З
Z
И
I
Й
Y
К
K
Л
L
М
M
Н
N
О
O
П
P
Р
R
С
S
Т
T
У
U
Ф
F
Х
H
Ц
TS
Ч
CH
Ш
SH
Щ
SHT
Ъ
A
Ь
Y
Ю
YU
Я
YA

Det direkte systemet liknar tidligere systemet til BGN/PCGN frå 1952 for translitterasjon av bulgarsk, som som var offisielt i USA og Storbritannia til 2013. Hovudforskjellen er at BGN/PCGN translitterer kyrilliske bokstavar Х, Ь og Ъ med KH, (apostrof) og Ŭ, medan det straumlinja systemet brukar H, Y og A.[11]

Illustrasjon[endre | endre wikiteksten]

Døme. (Artikkel 1 i menneskerettsfråsegna):


Всички хора се раждат свободни и равни

по достойнство и права. Те са надарени
с разум и съвест и следва да се отнасят
помежду си в дух на братство.

Vsichki hora se razhdat svobodni i ravni

po dostoynstvo i prava. Te sa nadareni
s razum i savest i sledva da se otnasyat
pomezhdu si v duh na bratstvo.

Bruk av systemet for å få bulgarsk tekst att[endre | endre wikiteksten]

Systemet går ikkje to vegar fordi А, Ж, Й, Ц, Ш, Щ, Ю, Я translitterer på høvesvis same måten som Ъ, ЗХ, Ь, ТС, СХ,ШТ, ЙУ, ЙА. Ein hjelpevariant av systemet som går to vegar er foreslått av L. Ivanov, D. Skordev og D. Dobrev. Dette kan nyttast i spesielle tilfelle.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov, Toponymic Guidelines for Antarctica, Antarctic Place-names Commission of Bulgaria, Sofia, 1995. (engelsk)
  2. M. Gaidarska, The Current State of the Transliteration of Bulgarian Names into English in Popular Practice, Contrastive Linguistics, XXII, 1998, 112, pp. 69-84. (engelsk)
  3. Inventaire des outils de romanisation. Bibliothèque et Archives Canada. Ottawa 2006. (fransk)
  4. Regelverket for å gi identitetsdokumenter, Statsbladet 14, 2000. (bulgarsk)
  5. L.L. Ivanov, On the Romanization of Bulgarian and English, Contrastive Linguistics, XXVIII, 2003, 2, pp. 109-118. ISSN: 0204-8701; Errata, id., XXIX, 2004, 1, p. 157. (engelsk)
  6. Andreev A., I. Derzhanski eds. Bulgarian Academy of Sciences: Institute of Mathematics and Informatics, founded 1947. Sofia: Multiprint Ltd., 2007. 64 pp. (bulgarsk, engelsk) ISBN 978-954-8986-27-4
  7. United Nations Document E/CONF.98/CRP.71. 17. august 2007. (engelsk)
  8. Statsbladet 19, 13 mars 2009. (bulgarsk)
  9. Bulgarian. Report on the Current Status of United Nations Romanization Systems for Geographical Names. Compiled by the UNGEGN Working Group on Romanization Systems. Version 4.0, February 2013.
  10. Romanization System for Bulgarian: BGN/PCGN 2013 System. National Geospatial-Intelligence Agency, September 2014.
  11. USBGN, Romanization Systems and Roman-Script Spelling Conventions, 1994, pp.15-16. (i engelsk)