Det svenske imperiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svenska Riket
Konungariket Sverige
Det svenske imperiet
Stormaktstida

1611–1718
Flagg Våpen
Det svenske flagget Riksvåpenet til Sverige
Plasseringa til Svenske imperiet
Plasseringa til Svenske imperiet
Det svenske imperiet på det største i 1658. Oversjøiske område er ikkje vist.
Hovudstad Stockholm
Språk Svensk, Finsk, Norsk, Estisk, Samisk, Tysk, Livisk, Latvisk, Dansk
Religion Lutheranisme
(Austleg ortodoks tru anerkjend som minoritetsreligion)
Styreform Monarki
Konge
 - 1611–1632 Gustav II Adolf
 - 1632–1654 Kristina
 - 1654–1660 Karl X Gustav
 - 1660–1697 Karl XI
 - 1697–1718 Karl XII
Statsminister
 - 1612–1654 Axel Oxenstierna
 - 1654–1656 Erik Oxenstierna
 - 1660–1686 Magnus Gabriel De la Gardie
Lovgjevande forsamling Riksdagen
Historisk periode Tidleg moderne Europa
 - Oppretta 1611
 - Opphøyrde 1718
Innbyggjarar
 - 1600-talet est. 2 500 000 
Valuta Riksdalar, Mark (fram til 1664), karolin (frå 1664)
I dag ein del av  Sverige
 Finland
 Noreg
 Russland
 Estland
 Latvia
 Tyskland
 Danmark
 Polen
 Ghana
 Frankrike
 USA
 Trinidad og Tobago
 Saint-Barthélemy  Guadeloupe

Kongedømet Sverige var mellom 1611 og 1718 ei av stormaktene i Europa.[1] I moderne historie vert perioden kalla Det svenske imperiet, eller på svensk stormaktstiden.[1]

Stormaktstida blir inndelt i yngre Vasatid (1611-1654) og Karolinartida (1654-1718). Stormaktstida blir rekna for å ha starta då Gustav II Adolf tok over trona i 1611, sjølv om nokre meiner perioden kan reknast frå 1561, då Erik XIV starta ekspansjonen til Sverige rundt Austersjøen ved å sende ein hær til Reval (dagens Tallinn). Stormaktstida vart avslutta då Sverige tapte i den store nordiske krigen (1700-1721), og heilt konkret då Karl XII fall ved Halden i Noreg.

Den svenske stormaktstida var relativ kort og alltid skjør. Det underliggande ressursgrunnlaget til Sverige i folkesetnad og næringsliv var avgrensa og gjennom erobringstokt mot fleire omliggande land fekk landet etter kvart mange fiendar. Når arvefiende Russland vart modernisert under Peter I enda tida til Sverige som stormakt. Etter at Karl XII mista livet ved Fredrikshald vart krigskassen til landet fordelt og den store arméen vart oppløyst. Deretter følgde ein kort og intensiv kamp om makta i Sverige mellom ulike fraksjonar og straks etter vart det underteikna fredsavtalar med dei ulike nasjonane Sverige hadde vore i krig med.

Under stormaktstida var Sverige ofte avhengig av finansiell og militær støtte frå meir utvikla europeiske land. Under trettiårskrigen mottok Sverige store subsidiar frå Frankrike som var interessert i å sjå den dominerande tyske fyrsteslekta Habsburg veikt. Handelsnasjonane England og Nederland var mot at eit enkelt land skulle dominere Austersjøen og støtta difor Sverige når landet var pressa av Danmark-Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Harlow: Longman. s. 133, 343. ISBN 978-0-582-06429-4.