Det thrakiske havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det thrakiske havet (gresk Θράκικος Πέλαγος, Thrákikos Pélagos) er eit hav som utgjer den nordlegaste delen av Egearhavet. Områda som ligg rundt sjøen er Makedonia i Hellas og Thrakia, i tillegg til den nordvestlege delen av Tyrkia. Heile strekket ligg nord for 40ºN. Frå aust til vest strekkjer havet seg frå Strymónasbukta i aust til dei nordlegaste områda av den greske halvøya. Frå nord til sør strekk havområdet seg frå Dardanellane til grensa mellom periferieiningane Xánthi og Rodópi.

Av øyar finn ein Thásos og Samothráki i Hellas og Gökçeada (Ímvros på gresk, tidlegare stundom İmroz på tyrkisk) og Bozcaada (Ténedos på gresk) i Tyrkia. Av bukter finn ein Ierissósbukta i sørvest, Strymónasbukta der elva Strymónas (Struma) munnar ut, Kaválabukta og ei i Tyrkia. Av elvar som munnar ut i havet finn ein Néstos (Mesta) og Évros (Maritsa).

Hamnebyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]