Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sacrum Romanum Imperium (la)
Heiliges Römisches Reich (ty)
Sacro Romano Impero (it)
Svatá říše Římská (tsj)
Sveto rimsko cesarstvo (sl)
Det tysk-romerske riket
 
Ludwig der Deutsche.jpg
9621806
Flagg Våpen
Banneret til Det tysk-romerske riket Våpenskjoldet til Maximilian I
Plasseringa til Tysk-romerske riket
Kart over Det tysk-romerske riket rundt 1630 lagt opp dei moderne europeiske grensene
Hovudstad ingen
Språk Latin, tysk, italiensk, tsjekkisk, nederlandsk, fransk, slovensk og mange andre
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Tysk-romersk keisar
 - 962967 Otto I[1]
 - 10271039 Konrad II
 - 15301556 Karl V
 - 16371657 Ferdinand III
 - 17921806 Frans II
Lovgjevande forsamling Reichstag
Historisk periode Mellomalderen
 - Otto I krona til keisar av Italia 2. februar 962
 - Konrad II tar krona av Bourgogne 1034
 - Freden i Augsburg 25. september 1555
 - Freden i Westfalen 24. oktober 1648
 - Rhinforbundet oppretta 12. juli 1806
Føregjengar
Etterfølgjarar
Ludwig der Deutsche.jpg Austfrankarriket
Dei sameinte nederlanda Prinsenvlag.svg
Rhinforbundet Blank.png
Det austerrikske riket Flag of the Habsburg Monarchy.svg
Det første franske riket Flag of France.svg
Kongedømet Preussen Flag of the Kingdom of Prussia (1803-1892).svg

Tysk historie

Det tyske flagget


Det tysk-romerske riket, offisielt Det heilage romerske riket av tysk nasjon (tysk Heiliges Römisches Reich deutscher Nation, fork. HRR), var eit tysk imperium som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket900-talet og vara fram til 1806 under napoleonskrigane. På norsk er riket vanlegvis referert til som Det tysk-romerske riket. I Tyskland vert det gjerne kalla «Det gamle riket» (i motsetnad til det nye).

Med kroninga av frankarkongen Karl den store til keisar av pave Leo III i Roma 25. desember 800 vart sambandet knytt til det gamle romerske keisarriket. Etter å ha gått delvis i oppløysning vart riket gjenoppretta av Otto den store i 962.

I 1254 vart for fyrste gong namnet Sacrum Imperium Romanum ('Det heilage romerske riket') nytta, eit namn som understreka motsetninga til det tidlegare heidenske romarriket, men gav òg ei sakral grunngjeving for tyske herskarar sitt overherredøme over «Kveldlandet» (Abendland, den vestlege verda). Tillegget «av den tyske nasjon» (Nationis Germanicae) oppstod i seinmellomalderen. Fram til 1806 var Tyskland sitt offisielle namn Heiliges Römisches Reich deutscher Nation.

Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Invasjonen førde til ein okkupasjon av ein stor del av dei keisarlege landområda. Det tysk-romerske riket fall etter kvart saman. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. Samstundes utropte han seg til keisar av Austerrike. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund).

Områda riket dekte over varierte gjennom historia, men på det største dekte det dagens Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var Riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.

Nomenklatur[endre | endre wikiteksten]

Det tysk-romerske riket gjenoppliva på mange måtar arva etter Vestromarriket som enda då Romulus Augustulus abdiserte i 476. Sjølv om pave Leo III krona Karl den store som Imperator Augustus den 25. desember 800, og son hans Ludvig den fromme òg vart krona til keisar av paven, vart Riket og keisarembete formalisert først nokre tiår seinare, stort sett sidan frankarane ofte brukte å dele riket sitt mellom arvingane etter at herskaren døydde. Ludvig I krona først seg sjølv då faren døydde i 814, men i 816 vitja pave Stefan V, som etterfølgde Leo III, Reims og krona Ludvig på nytt. På denne måten styrkte keisaren pavedømet ved at han gav paven oppgåva med å krone keisarane.

Namna som vart nytta om Riket varierte stort gjennom hundreåra. Romarriket vart nytta i 1034 om landområda under Konrad II og Det heilage riket i 1157. Romersk keisar vart nytta tidlegare om dei nordeuropeiske herskarane frå og med Otto II (keisar 973–983). Keisarane frå Karl den store (keisar 800–814) til Otto den store (keisar 962–973) nytta ein berre Imperator Augustus (både med og utan «romersk»). Namnet Det tysk-romerske riket (tysk Heiliges Römisches Reich latin Sacrum Romanum Imperium) vart nytta frå 1254 og den siste utgåva, Det heilage romerske riket av tysk nasjon (tysk Heiliges Römisches Reich deutscher Nation) vart nytta frå 1512 etter fleire variasjonar seint på 1400-talet.[2]

Institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Frå høgmellomalderen og framover kjempa riket stadig med dei mange lokale hertugane som prøvde å ta makta for seg sjølv. I mykje større grad enn i andre kongedøme i mellomalderen som Frankrike og England klarte ikkje keisarane å ha mykje kontroll over landområde dei formelt eigde. For å sikre at dei ikkje vart avsette vart keisarane tvungen til å gje meir og meir sjølvstyre til dei lokale herskarane, både adelen og biskopane. Denne prosessen byrja på 1000-talet med investiturstriden og enda meir eller mindre i 1648 med freden i Westfalen. Fleire keisarar prøvde å stoppe den stadige spreiinga av makta deira, men vart hindra av pavedømet og fyrstane i riket.

Konge av romarane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Konge av romarane.
Keisarkrona til Det tysk-romerske riket (Andre halvdel av 900-talet) står i dag i Schatzkammer i Wien

Ein føreståande keisar måtte først veljast til konge av romarane (Rex romanorum/römischer König). Kongar hadde vorte vald sidan uminneleg tid: På 800-talet av leiarane av dei fem viktigaste stammene (saliske frankarar frå Lorraine, ripariske frankarar frå Franken, og saksarane, bayrarar og schwabarar), seinare av dei viktigaste hertugane og biskopane i kongedømet og til slutt av dei såkalla kurfyrstane. Desse valkomitéane vart formelt oppretta i 1356 av Karl IV, kongen av Böhmen gjennom ein resolusjon kalla Den gyldne bullen. I starten var det sju kurfyrstar: pfalzgreven av Rhinen, kongen av Böhmen, hertugen av Sachsen, markgreven av Brandenburg og erkebiskopane av Köln, Mainz og Trier. Under trettiårskrigen fekk hertugen av Bayern stemmerett som den åttande kurfyrsten. Ein kandidat til keisarkrona måtte landområde eller pengar til kurfyrstane for å sikre seg stemma deira.

I mange tilfelle tok dette fleire år medan kongen var opptatt med andre oppgåver. Ofte måtte han først løyse stridane i det opprørske Nord-Italia, eller var sjølv i krangel med paven. Seinare keisarar lét vere å la seg krone av paven og slo seg til ro med tittelen utvald keisar. Den siste keisaren som vart krona av paven var Karl V i 1530.

Keisaren måtte vere ein god mann over 18 år. Alle fire besteforeldra hans burde vere av adelsslekt. Det var ingen lover som sa at han skulle vere katolikk, men keisarlova antok at han var. Han trengde ikkje vere tyskar (Karl V og Alfonso av Castille var ikkje, og Henrik VIII av England var ein kandidat til krona i 1519). Frå 1600-talet hadde kandidatane stort sett eigedomar innanfor Riket. Ludvig XIV, kongen av Frankrike, lét Alsace-Lorraine, eit område som då nyleg hadde vorte fransk, vere ein del av riket slik at han kunne verte ein kandidat til trona.

Keisaren kunne aldri utstede ein resolusjon og styre over Riket på eige hand. Makta hans var kraftig avgrensa av dei mange lokale herskarane og frå seint på 1400-talet vart Reichstag oppretta som eit lovgjevande organ i Riket. Dette var ei komplisert forsamling som berre kom saman då keiaren kravde det og på forskjellige stader frå gong til gong. Først etter 1663 vart Reichstag ei permanent forsamling.

Keisaren sine landområde[endre | endre wikiteksten]

Ei eining vart rekna som Reichsstand (keisarleg land) om det ifølgje dei føydale lovene ikkje hadde andre styresmakter over seg enn keisaren sjølv. Desse områda var:

  • Område styr av ein fyrste eller hertug, og i nokre tilfelle kongar. (Herskarar i Det tysk-romerske riket, bortsett frå kongane av Böhmen (ein kurfyrste) kunne ikkje verte konge i Riket, men enkelte hadde kongedømet utanfor Riket, som til dømes med Kongedømet Storbritannia der herskaren òg var kyrfyrste av Hannover frå 1714 til Riket vart oppløyst.)
  • Føydale område styrt av ein høg geistleg, som då vart rekna som ein fyrste av kyrkja. I nokre tilfelle med fyrstbiskopar overlappa området (kalla fyrstbiskopdøme) det ofte større bispedømet hans slik at biskopen både fekk geistleg og politisk makt. Døme på dette var dei tre fyrstbispedøma Köln, Trier og Mainz.
  • Frie keisarbyar

Talet på område var svært stort og då freden i Westfalen tredde i kraft var det om lag 300. Mange av desse var berre nokre få kvadratkilometer stort, så Riket vart av mange samanlikna med eit «lappeteppe» (Flickenteppich).

Reichstag[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Reichstag.

Reichstag eller «riksdagen» var eit lovgjevande organ i Det tysk-romerske riket. Det var delt inn i tre forskjellige klassar:

  • Rådet av kurfyrstar, som inkluderte kurfyrstane i Det tysk-romerske riket.
  • Rådet av fyrstane, som inkluderte både lekmenn og geistlege.
  • Rådet av dei frie keisarbyane, som inkluderte representantar frå dei frie keisarbyane gruppert i to grupper, Schwaben og Rhinen og kvar av dei hadde ei stemme kvar. Rådet hadde ikkje like rettar som dei andre i Riksdagen og det var fleire saker dei ikkje kunne stemme i, som til dømes tilgang til nye område. Representantane frå dei frie keisarbyane i Reichstag var vanleg sidan seint i mellomalderen, men dei vart først formelt godtatt som ein del av Riksdagen i 1648 med freden i Westfalen som enda trettiårskrigen.

Keisarhoffet[endre | endre wikiteksten]

Riket hadde to hoff, Reichshofrat ved hoffet til kongen/keisaren (seinare i Wien) og Reichskammergericht (det keisarlege kammerhoffet) som vart oppretta med keisarreforma i 1495.

Keisarkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av Reichsreform vart det oppretta seks keisarkrinsar i 1500, som i 1512 vart utvida til ti. Dette var regionsinndelingar av Riket slik at ein lettare kunne forsvare områda, halde på freden og lettare verne borgarane, i tillegg til skattelegging og oversyn over myntpreging. Kvar krins hadde sin eigen Kreistag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå austfrankarane til inverstiturstriden[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Frankarriket.

Karl den store planla å dele områda sine mellom sønene sine, som var skikken hos frankarane på denne tida. Det viste seg at berre ein av sønene hans, Ludvig den fromme var i live då Karl døydde. Ludvig arva derfor alle områda til faren og keisartittelen. Då Ludvig avgjorde å bryte denne tradisjonen og heller gje landområda sine til berre ein av sønene braut det ut ei rekkje borgarkrigar som enda med oppdelinga i 843. Det er viktig å skilje mellom Austfrankarriket oppretta med oppdelinga av Karl den store sine område i 843 og sjølve Riket. Keisartittelen vart opphavleg gjeve til Lothar I, den eldste sonen til Ludvig, og så gjeve vidare til forskjellige greiner av det karolingiske dynastiet, og stundom berre av mindre viktige herskarar i Nord-Italia. Austfrankarriket utvikla seg til ein eigen eining fram til ein konge utanfor den karolingiske slekta var vald på byrjinga av 900-talet. Kroninga av sonen hans og etterfølgjaren Otto I som keisar, markerte byrjinga på sambandet mellom Austfrankarriket og keiartittelen, noko som varte til Frans II abdiserte i 1806.

Etter oppdelinga av Frankarriket med Verdun-traktaten i 843 heldt det karonlingiske dynastiet fram sjølvstendig i alle tre delar. Den austlege delen gjekk til Ludvig den tyske, som vart etterfølgd av fleire leiarar fram til Ludvig bornet, den siste karonlingaren i den austlege delen, døydde.

Leiarane i Alemannia, Bayern, Franken og Sachsen valde Konrad I av frankarane, som ikkje var av den karolingiske slekta, som leiaren sin i 911. Etterfølgjaren hans Henrik fuglefangar (r. 919–936) frå Sachsen var vald på Riksdagen i Fritzlar i 919 og vart akseptert som herskar over Det austlege riket av vestfrankarane (som framleis vart styrt av karolingarane) i 921. Han kalla seg sjølv Rex Francorum Orientalum (Konge over austfrankarane). Han grunnla det ottonske dynastiet.

Henrik peikte ut sonen sin Otto, som vart vald til konge i Aachen i 936, som etterfølgjaren sin. Då Otto gifta seg med dronninga av Italia, som hadde vorte enke, fekk Otto kontroll over den nasjonen i tillegg. Han vart krona som keisar Otto I (seinare kalla «den store») i 962 og dette var eit viktig skilje sidan Austfrankarriket – og ikkje Det vestfrankiske kongedømet som var restane av dei andre frankiske kongedøma– vart velsigna av paven. Otto hadde alt fått mykje av makta si då han i 955 slo ungarane i slaget ved Lechfeld.

Riket i 1000

I dokument frå den tida og seinare vart denne kroninga stundom omtalt som translatio imperii, overføringa av riket frå romarane til eit nytt Rike. Dei tyske keisarane såg derfor på seg sjølv som direkte etterfølgjarar av keisarane av Romarriket, og dette er årsaka til at dei kalla seg sjølv Augustus i starten. Likevel kalla dei seg ikkje «romerske» keisarar i byrjinga, truleg for å ikkje kom i konflikt med den romerske keisaren som framleis eksisterte i Konstantinopel. Uttrykket imperator Romanorum vart først vanleg under Konrad II frå midten av 1000-talet.

På denne tida var ikkje det austlege kongedømet «tysk», men eit «forbund» av gamle germanske stammer som bayrarar, alemannarar, frankarar og saksarar. Den politiske unionen til Riket overlevde truleg berre på grunn av dei sterke personlegdomane til Kong Henrik av Sachsen og son hans, Otto. Sjølv om dei formelt vart vald av leiarane i dei germanske stammene, kunne dei i praksis velje etterfølgjarane sine sjølv.

Dette endra seg etter Henrik II døydde i 1024 utan born. Konrad II, den første keisaren frå Det saliske dynastiet, vart så vald til konge i 1024 etter fleire diskusjonar. Korleis kongen vart vald ser då ut til å ha vore avgjort ut frå personleg påverknad, stridar mellom stammene, arv og støtte frå leiarane som etter kvart skulle verte kurfyrstar.

Alt på denne tida var dualismen mellom «områda» som då høyrte til dei gamle stammene med røter frå frankarane og kongen/keisaren sine område synleg. Kvar konge heldt seg helst i heimtraktene sine. Saksarane heldt seg til dømes stort sett i pfalzgrevskapet rundt Harzfjella, som Goslar. Dette endra seg under Otto III (konge 983, keisar 996–1002) som byrja å nytte seg av alle bispedøma i Riket som mellombels administrasjonssete. Etterkomarane hans, Henrik II, Konrad II og Henrik III klarte tilsynelatande å utnemne hertugane i områda. Det er derfor ikkje tilfeldig at terminologien på denne tida endra seg og ein først såg uttrykket regnum Teutonicum (Tysk kongedøme) nytta for første gong.

Riket i 1097

Stordomen til Riket fall nesten saman under investiturstriden der pave Gregorius VII bannlyste kong Henrik IV (konge 1056, keisar 1084–1106). Sjølv om dette vart oppheva etter Kanossagangen i 1077 fekk bannlysinga store konsekvensar. Samstundes hadde dei tyske hertugane vald ein annan konge, Rudolf of Schwaben, som Henrik IV først slo i 1080 etter ein tre år lang krig. Dei mytiske røtene til Riket vart øydelagd for alltid og den tyske kongen vart audmjuka. Det viktigaste var derimot at kyrkja tydleg viste seg som ein sjølvstendig deltakar i det politiske systemet i Riket og at dei ikkje var underlagt autoriteten til keisaren.

Under Hohenstaufen[endre | endre wikiteksten]

Konrad III kom til trona i 1138 og var den første frå Hohenstaufen-familien som skulle gjenopprette stordomen til Riket, sjølv etter dei nye tilhøva som kom med Wormskonkordatet i 1122. Det var Fredrik I Barbarossa (konge 1152, keisar 1155–1190) som først kalla Riket for «Heilag», som han meinte å bruke i samband med lov- og rettssystemet.

Adhemar de Monetel ber Den heilage lansen

Under Barbarossa kom òg ideen om Riket som ei etterleivning av Romarriket til syne igjen, truleg i eit forsøk på å rettferdiggjere keisaren si makt uavhengig av (den no sterke) paven. Ei keisarleg forsamling på Roncaglia-slettene i 1158 tok tilbake keisaren sine rettar etter råd frå quattuor doctores frå rettsfakultetet i Universitetet i Bologna, og siterte fraser som princeps legibus solutus («keisaren [princeps] er ikkje bunden til lova») frå Corpus Juris Civilis sitt Digestae. Det at dei romerske lovene hadde vorte grunnlagd for heilt andre system og ikkje passa inn i strukturen til Riket var tydelegvis ikkje så viktig. Poenget her var at keisarhoffet prøvde å opprette ei lovleg grunnlov.

Keisaren sine rettar hadde vorte kalla regalia sidan investiturstriden, men vart først spesifisert ved Roncaglia. Denne omfattande lista inkluderte offentlege vegar, toll, myntpreging, innsamling av straffeavgifter og investituren, innsettinga og avsettinga av embetsmennene. Desse rettane var no eksplisitt rotfesta i Romersk Lov, ei omfattande konstitusjonell handling, og nord for Alpane erstatta systemet dei gamle føydale lovene, noko som fekk store konsekvensar for Henrik Løve, som var i strid med Barbarossa og som no mista alle landområda sine og vart erklært fredlaus. Barbarossa klarte på den måten i ein periode å knyte dei strie tyske hertugane tettare til Riket.

Ei anna viktig grunnlovsendring ved Roncaglia var opprettinga av ein ny fred (Landfrieden) for alle i Riket. Dette var eit forsøk på den eine sida å verte kvitt alle private feidar mellom dei mange lokale hertugane, og på den andre sida å knyte keisaren sine underordna til eit rettssystem som var ein slags føregjengar for dei moderne rettsreglane som i dag er universelt aksepterte, men som ikkje var det på denne tida.

For å løyse problemet med at keisaren etter investiturstriden ikkje lenger kunne nytte kyrkja for å halde på makta, lånte Hohenstaufen meir og meir land til ministerialia, tidlegare ufrie tenestemenn, som Fredrik håpte skulle vere meir pålitelege enn dei lokale hertugane. Opphavleg skulle dei berre nyttast i krig, men denne nye klassen danna etter kvart grunnlaget for riddarane.

Eit anna nytt konsept på denne tida var ei systematisk grunnlegging av nye byar av både keisaren og dei lokale hertugane. Dette kom delvis av ein kraftig folkeauke, men òg for å samle dei økonomiske kreftene på strategiske stader, medan dei tidlegare byane anten eksisterte som gamle romerske byar eller gamle bispesete. Av byar som vart grunnlagd på 1100-talet finn ein Freiburg, som truleg var ein økonomisk modell for mange andre byar i ettertid, og München.

Regjeringstida til den siste Hohenstauferkeisaren, Fredrik II, var på mange måtar forskjellig frå dei tidlegare keisarane. Medan han framleis berre var eit born regjerte han på Sicilia, medan Barbarossa sin andre son, Filip av Schwaben, og Henrik Løve sin son, Otto IV, konkurrerte med han om tittelen som konge av tyskarane. Etter at han til slutt vart krona til keisar i 1220 risikerte han å kome i konflikt med paven då han erklærte makta over Roma. Han klarte likevel å ta Jerusalem i det sjette krosstoget i 1228 medan han framleis var bannlyst av paven.

Medan Fredrik førte ideen om det mytiske opphavet til Riket til eit sist høgdepunkt var det òg han som tok dei store avgjerslene som til slutt førte til nedbrytinga av Riket. På den eine sida konsentrerte han seg om å skape ein nyskapande stat på Sicilia med offentlege tenester, finansar og andre reformer. På den andre sida var Fredrik keisaren som gav mykje makt til dei tysk hertugane i form av privilegium som den sentrale makta ikkje klarte å kalle tilbake seinare. I 1220 Confoederatio cum principibus ecclesiasticis gav Fredrik frå seg fleire regalia til fordel for biskopane, som tollavgifter, myntpreging og bygging av festningsverk. Statutum in favorem principum frå 1232 utvida desse privilegia til område utanfor kyrkja. Sjølv om mange av desse privilegia hadde eksistert tidlegare vart dei no gjeve til alle. Dette gjorde at dei tyske hertugane kunne halde orden nord for Alpane, medan Fredrik ville fokusere på heimlandet sitt i Italia. Dette var første gong dei tyske hertugane vart kalla domini terræ, landeigarar.

Riddarane i Den tyske riddarordenen vart invitert til Polen av hertug Konrad av Masovia for å kristne prøyssarane i 1226.

Under den lange perioden Hohenstaufenkeisarane oppheldt seg i Italia (1138–1254) fekk dei tyske fyrstane meir makt og byrja å kolonisere dei vestslaviske landområda, noko som stort sett gjekk fredeleg for seg. Riket strekte seg då etter kvart til Pommern og Schlesen.

Etter Hofenstauen[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Det tysk-romerske riket 1200–1350

Etter Fredrik II døydde i 1250 klarte ingen av familiane som var verdige til å utnemne ein konge å gjere dette, og dei leiande hertugane valde så fleire konkurrerande kongar. Perioden frå 1246 (som starta med valet av Heinrich Raspe og Vilhelm av Holland) til 1273, då Rudolf I av Habsburg vart vald til konge, vert vanlegvis kalla Interregnum. Under Interregnum mista keisarane mykje av makta si sidan fyrstane fekk tid til å samla saman eigedomane sine og vart meir sjølvstendig herskarar.

Kurfyrstane

I 1257 vart det gjort doble val som førte til ein lang interregnum. Vilhelm av Holland hadde fall året før og Konrad av Schwaben hadde døydd tre år tidlegare. Først stemde tre kurfyrstar (Pfalz, Köln og Mainz) for Rikard av Cornwall, som vart etterfølgjaren til Vilhelm av Holland som konge. Etter eit lite opphald støtta kurfyrsten av Böhmen dette valet. I løpet av dei neste månadane stemde Böhmen og kurfyrstane frå Trier, Brandenburg og Sachsen for Alfonso X av Castile. Riket hadde no to kongar og spørsmålet vart no om kongen av Böhmen ville endre stemma si eller om valet var ferdig etter at fire kurfyrstar hadde valt ein konge og om dei fire kurfyrstane hadde rett til å avsette Rikard om valet av han hadde vore gyldig.

Det tysk-romerske riket 1273–1378 og dei viktigaste kongefamiliane

Sidan det var så vanskeleg å velje ein konge førte dette til at det vart oppretta eit fast gruppe kurfyrstar, og samansettinga av denne gruppa og prosedyrane deira vart nedskrive i Den gyldne bullen i 1356. Denne utviklinga syner kanskje best dualiteten mellom Kaiser und Reich, keisar og rike, som ikkje lenger vart sett på som identisk. Dette ser ein òg på måten kongane etter Hohenstaufen prøvde å kome til makta. Tidlegare var styrken og rikdomen til Riket stort sett avhengig av Riket sine eigne landområde, dei såkalla Reichsgut, som alltid høyrte til den regjerande kongen (og inkluderte mange keisarbyar). Etter 1200-talet vart dette mindre viktig (sjølv om enkelte område framleis høyrte til Riket fram til slutten i 1806). I staden for vart Reichsgut stadig oftare pantsett til dei lokale hertugane for å skaffe Riket inntekter, men òg som løn til dei trufaste hertugane eller sivilisere strie hertugar.

I staden for vart kongane, frå og med Rudolf I av Habsburg, i større grad avhengig av landområda til sine eigne familiar for å støtte opp om makta si. I motsetnad til Reichsgut, som stort sett var spreidd og vanskeleg å styre, var desse landområda meir samla og lettare å kontrollere. I 1282 lånte så Rudolf I Austerrike og Steiermark til sine eigne søner.

Med Henrik VII, kom Huset Luxembourg på banen. I 1312 vart han krona til den første heilage, romerske keisaren sidan Fredrik II. Etter han var alle kongane og keisarane avhengig av landområda til sine eigne familiar (Hausmacht). Ludvig IV av Wittelsbach (konge 1314, keisar 1328–1347) hadde eigne landområde i Bayern, Karl IV av Luxembourg, barnebarnet Henrik VII av områda sine i Böhmen. Kongen var derfor mest interessert i å styrke makta si i sine eigne område, sidan dette tente kongen og landområda hans best.

1200-talet vart måten landet vart styrt på òg endra. I staden for personlege plikter vart pengar i større grad den vanlege måten å representere økonomisk verdi i jordbruket på. Bøndene måtte i større grad betale skatt for landområda sine. Dette omgrepet for «eigedom» erstatta meir og meir dei gamle lovene, sjølv om dei framleis var tett forbunde til kvarandre. Bortsett frå områda som keisaren eigde direkte vart det stort sett slik at den som eigde eit landområde bestemte. Ein bør merke seg at domsmakta på denne tida ikkje inkluderte lovgjeving, dette var noko som først kom på 1400-talet, og hoffet var nesten heilt avhengig av dei tradisjonelle skikkane og reglane som vart skildra som vanlege.

Det var i denne perioden ein omforma landområda til føregjengarane til dei moderne statane. Denne prosessen varierte stort frå landområde til landområde og kom lengst i dei områda som dei gamle germanske stammene hadde høyrt til, som t.d. Bayern. Utviklinga gjekk seinare i dei spreidde områda som vart grunnlagd gjennom keisaren sine privilegium.

Keisarreform[endre | endre wikiteksten]

Kart over riket som viser inndelinga av Krinsane i 1512

«Grunnlova» til Riket var stort sett ikkje avgjort på byrjinga av 1400-talet. Sjølv om nokre prosedyrar og institusjonar var fastlagd, til dømes ved Den gyldne bullen i 1356 der reglane for korleis kongen, kurfyrstane og andre hertugar skulle samarbeide vart avgjort. Det var derfor øydeleggjande at Sigismund av Luxemburg (konge 1410, keisar 1433–1437) og Fredrik III av Habsburg (konge 1440, keisar 1452–1493) forsømte dei gamle kjerneområda i riket og i staden fokuserte på sine eigne landområde. Utan at kongen var til stades vart den gamle Hoftag, samlinga av leiarane i riket, heldt stadig sjeldnare. Reichstag som eit lovgjevande organ eksisterte ikkje enno. Enno verre var det at hertugane ofte kom i strid med kvarandre og som ofte førte til lokale krigar.

Samstundes var det krise i kyrkja òg. Konflikten mellom fleire konkurrerande pavar vart først løyst på rådet i Konstanz (14141418); etter 1419 og mykje energi vart brukt på å kjempe mot dei kjetterske hussittane. Ideen frå mellomalderen om ein samla Corpus christianum, der pavedømet og keisardømet styrte i lag, var i tilbakegang.

Med desse drastiske endringane oppstod det mange diskusjonar om sjølve Riket på 1400-talet. Dei gamle lovene var foreldra og passa ikkje lenger til strukturen på denne tida og det vart eit krav med ein ny omgang med Landfrieden. På denne tida oppstod derfor omgrepet «reform», som frå det latinske verbet re-formare opphavleg betydde å gjenvinne ei form som har gått tapt.

Fredrik III trong økonomisk støtte frå hertugane i krigen sin mot Ungarn i 1486 og samstundes fekk sonen sin, seinare Maximilian I vald som konge, møtte alle hertugane han med eit krav om å få delta ei keisarleg forsamling. Dette vart opphavet til Reichstag der kurfyrstane og hertugane (og seinare dei frie keisarbyane) møttest. Fredrik avslo kravet, men sonen var meir imøtekomande og kalla til slutt i saman til den første riksdagen ved Worms i 1495 etter at faren døydde i 1493. Her vart kongen og hertugane einige om fire lovforslag, stort sett kjend som Reichsreform («keisarreformen»), som var eit sett med lover som gav det svekka Riket tilbake ein struktur. Mellom anna oppretta dei her keisarkrinsane og Reichskammergericht (det keisarlege kammerhoffet), strukturar som til ein viss grad skulle vare til slutten av Riket i 1806.

Det tok likevel fleire tiår før den nye ordninga var fullt ut akseptert og det nye hoffet faktisk fekk ein funksjon. Først i 1512 tredde keisarkrinsane i kraft. Kongen sikra òg at hoffet hans, Reichshofrat, fekk halde fram parallelt til Reichskammergericht. Dette året fekk keisaren òg den nye tittelen sin, Heiliges Römisches Reich Deutscher Nation («Heilag romersk keisar av den tyske nasjonen»).

Kriser etter reformasjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1517 starta Martin Luther det som seinare vart kjend som reformasjonen. På denne tida greip mange lokale hertugar sjansen til å motsette seg hegemoniet til keisar Karl V. Ein gjorde så det skjebnesvangre valet om å dele Riket langs dei religiøse grensene, der områda i nord og aust og mange av dei store byane som Strasbourg, Frankfurt og Nürnberg vart protestantiske, medan dei sørlege og vestlege områda vart verande katolske. Dei religiøse konfliktane spreidde seg til forskjellige område av Europa i løpet av det neste hundreåret, sjølv om det i dei tyske områda var relativt roleg etter freden i Augsburg i 1555 og fram til defenestrasjonen i Praha i 1618. Då bømarane gjorde opprør mot keisaren oppstod det ei rekkje konfliktar som fekk namnet trettiårskrigen (16181648), og som øydela store delar av Riket. Utanlandske nasjonar, inkludert Frankrike og Sverige, blanda seg inn i konflikten og gjekk inn på motstandarane av keisaren si side. Dei erobra i tillegg store landområde for seg sjølv. Den langvarige konflikten førte til at Riket vart svekka for alltid.

Den lange nedgangsperioden[endre | endre wikiteksten]

Riket etter freden i Westfalen i 1648
Riket i 1705, kartet «L’Empire d’Allemagne» frå Nicolas de Fer

Slutten på riket skjedde i fleire steg. Freden i Westfalen i 1648, som enda trettiårskrigen, gav områda nesten totalt suverenitet. Det sveitsiske forbundet, som hadde oppretta eit delvis sjølvstyre alt i 1499, og dei nordlege områda av Nederland, drog bort frå riket. Sjølv om statane i riket framleis hadde nokre restriksjonar, som at dei ikkje kunne danne alliansar mot keisaren, var Riket stort sett ei eining utan makt og eksisterte berre som eit namn. Habsburg-keisarane fokuserte i staden på å styrke sine eigne eigedomar i Austerrike og andre stader.

Ludvig XIV kom til makta i Frankrike, var habsburgarane avhengig av stillinga som erkehertugar av Austerrike for å stå imot Preussen, som hadde område innanfor Riket. Gjennom 1700-talet vikla habsburgarane seg inn i fleire konfliktar i Europa, som den spanske arvefølgjekrigen, den polske arvefølgjekrigen og den austerrikske arvefølgjekrigen. Den tyske dualismen mellom Austerrike og Preussen dominerte riket sin historie etter 1740. Frå 1792 og utover var Frankrike periodevis i krig med forskjellige delar av Riket. Riket vart formelt oppløyst 6. august 1806 då den siste heilage romerske keisaren, Frans II (frå 1804 keisar Frans I av Austerrike) abdiserte etter nederlaget mot franskmennene og Napoleon (sjå Pressburg-traktaten). Napoleon omorganiserte mykje av riket inn i Rhinforbundet, ein fransk satellittstat. Huset Habsburg-Lorraine, som Frans var ein del av, overlevde overdraginga av Riket og kunne halde fram som keisarar av Austerrike og kongar av Ungarn fram til Habsburgmonarkiet sitt endelege fall i 1918 etter den første verdskrigen. I mellomtida vart Rhinforbundet erstatta av Den tyske konføderasjonen og Den nordtyske konføderasjonen, fram til dei tysktalande områda utanfor Austerrike vart samla under Preussen i 1871 som Det tyske keisarriket, ein føregjengar for dagens Tyskland.

Restar av riket i dag[endre | endre wikiteksten]

Det vert stundom hevda at den einaste overlevande delen av riket i dag er det litle, sjølvstendige fyrstedømet Liechtenstein, som ligg mellom Sveits og Austerrike.

Inntil nyleg fanst det framleis ein tronpredentant frå Habsburg, Otto von Habsburg. Trona til Riket gjekk derimot ikkje berre i arv og adelstitlane er ikkje lenger offisielle rangar i Tyskland og dei andre sentraleuropeiske republikkane.

Ettefølgjande tyske rike[endre | endre wikiteksten]

Etter slutten av napoleonskrigane vart ein ny tysk union oppretta i 1815. Han varte til 1866Preussen oppløyste Den tyske konføderasjonen for å danne Den nordtyske konføderasjonen, som vart ein nasjonal stat i 1871 (sjå Det tyske keisarriket).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. For ei full liste over dei tysk-romerske keisarane sjå Tysk-romersk keisar
  2. På andre språk vart riket kalla: Tsjekkisk Svatá říše římská, seinare Svatá říše římská národa německého; nederlandsk: Heilige Roomse Rijk, seinare Heilige Roomse Rijk der Duitse Naties/Volkeren; fransk Saint Empire Romain Germanique; italiensk Sacro Romano Impero; slovensk Sveto rimsko cesarstvo, seinare Sveto rimsko cesarstvo nemške narodnosti

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gotthard, Axel (2003): Das Alte Reich. Darmstadt: Wissenschaftliche Buchgesellschaft, ISBN 3-534-15118-6
  • Schmidt, Georg (1999): Geschichte des Alten Reiches. Staat und Nation in der Frühen Neuzeit 1495 - 1806. München: C.H.Beck, ISBN 3-406-45335-X
  • Heinz Angermeier, Das Alte Reich in der deutschen Geschichte. Studien über Kontinuitäten und Zäsuren, München 1991
  • Karl Otmar Freiherr von Aretin, Das Alte Reich 1648–1806. 4 vols. Stuttgart, 1993–2000
  • Peter Claus Hartmann, Kulturgeschichte des Heiligen Römischen Reiches 1648 bis 1806. Wien, 2001
  • James Bryce, The Holy Roman Empire. ISBN 0-333-03609-3
  • Jonathan W. Zophy (ed.), The Holy Roman Empire: A Dictionary Handbook. Greenwood Press, 1980
  • Deutsche Reichstagsakten
  • George Donaldson, Germany: A Complete History. Gotham Books, New York 1985


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Instititusjonar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Statar[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det tysk-romerske riket

Kart[endre | endre wikiteksten]