Det tyske forbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deutscher Bund (tysk)
Konføderasjon
Blank.png
 
Flag of the Habsburg Monarchy.svg
 
Flag of the Kingdom of Prussia (1803-1892).svg
18151866
Flagg Våpen
Flagg Riksvåpen
Plasseringa til Det tyske forbundet
Det tyske forbundet i 1820. Dei to hovudmaktene, Kongeriket Preussen (blått) og Keisardømet Austerrike (gult) var ikkje heilt innanfor forbundsgrensene
Hovudstad Frankfurt
Styreform Konføderasjon av fleire sjølvstendige monarki
President
 - 1815-1835 Frans II
 - 1835-1850 Ferdinand I av Austerrike
 - 1850-1866 Frans Josef I av Austerrike-Ungarn
Historisk periode Tidleg moderne tid
 - Rhinforbundet oppløyst 4. november 1813
 - Wienerkongressen 8. juni 1815
 - Den austerriksk-prøyssiske krigen 1866
 - Skipinga av Det nordtyske forbundet 16. april 1866
Areal
 - 1829 630 100 km²
Innbyggjarar
 - 1829 est. 29 200 000 
     Folketettleik 46,3 /km² 
Føregjengar
Etterfølgjarar
Blank.png Rhinforbundet
Flag of the Habsburg Monarchy.svg Keisardømet Austerrike
Flag of the Kingdom of Prussia (1803-1892).svg Kongeriket Preussen
Det nordtyske forbund Flag of the German Empire.svg
Keisardømet Austerrike Flag of the Habsburg Monarchy.svg
Kongeriket Bayern Flag of Bavaria (striped).svg
Kongeriket Württemberg Flagge Königreich Württemberg.svg
Storhertugdømet Baden Flagge Großherzogtum Baden (1871-1891).svg
Liechtenstein Flag of Liechtenstein (1719-1852).svg
Storhertugdømet Hessen Flagge Großherzogtum Hessen ohne Wappen.svg
Luxembourg Flag of Luxembourg.svg

Det tyske forbundet var ein konføderasjon av 39 tyske statar og 4 byrepublikkar som blei oppretta 8. juni 1815Wienerkongressen. Forbundet blei prega av rivaliseringa mellom dei mektige medlemmane Preussen og Austerrike, og blei oppløyst i 1866 då Preussen sigra over Austerrike i krig. Det blei erstatta av det prøyssiskleidde nordtyske forbundet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Forbundet avløyste Det tysk-romerske riket som var blitt oppløyst 6. august 1806 då den siste tysk-romerske keisaren Frans II abdiserte etter den franske sigeren i slaget ved Austerlitz under Napoleonskrigane, som førte til fredsavtalen i Pressburg. Frans II fortsette som keiser av Austerrike og konge av Ungarn.

Etter press frå Napoleon oppretta ei rekke tyske fyrstedøme deretter Rhinforbundet i juli 1806. Men etter den franske seieren i slaget ved Jena-Auerstedt i oktober 1806 gjekk fleire tyske statar inn i konføderasjonen. Berre keisardømet Austerrike, kongeriket Preussen, det danske Holstein og Svensk Pommern stod utanfor Rhinforbundet.

Statane i Rhinforbundet gjekk samla inn i krigen mot Napoleon 1812-1814, som leidde fram til Paris-traktaten av 1814, og førte til Wienerkongressen og skipinga av Det tyske forbundet i kjølvatnet av dette, 8. juni 1815.

Oppbygging av forbundet[endre | endre wikiteksten]

Forbundet dekte i rundt 630 100 km² og hadde 29,2 millionar innbyggjarar i 1829. Dei to viktigaste medlemmane av forbundet var Preussen og Austerrike. Talet på forbundsstatar gjekk ned etterkvart som fyrstehus arva andre statar. I 1863 omfatta det 35 statar.

Medlemsstatane hadde alle fullt sjølvstyre. Medlemmene forplikta seg til gjensidig forsvar, og samarbeidde om å halda fortifikasjonane i Mainz, Luxembourg by, Rastatt, Ulm og Landau.

Forbundet hadde ein forbundsdag som kom saman i Frankfurt. Avgjerder, som måtte fattast med to tredjedels fleirtal, var bindande for forbundsstatane.

Medlemsstatar[endre | endre wikiteksten]

  1. Flag of the Habsburg Monarchy.svg Keisardømet Austerrike (utan Galicia, Ungarn, Kroatia, Dalmatia og Kongedømet Lombardia-Venetia) (frå 1818 tilhøyrde også den vestlege delen av Galicia Det tyske forbundet)
  2. Flag of Prussia 1892-1918.svg Kongeriket Preussen (utan Posen, Austpreussen og Vestpreussen) (frå 1848-1851 var dei prøyssiske provinsane Aust- og Vestpreussen og den vestlege og nordlege delen av Posen del av forbundet)
  3. Flag of Bavaria (striped).svg Kongeriket Bayern
  4. Flagge Königreich Sachsen (1815-1918).svg Kongeriket Sachsen
  5. Flag of Hanover 1837-1866.svg Kongeriket Hannover (til 1837 i personalunion med Storbritannia)
  6. Flagge Königreich Württemberg.svg Kongeriket Württemberg
  7. Flag of Hesse.svg Kurfyrstedømet Hessen-Kassel
  8. Flagge Großherzogtum Baden (1871-1891).svg Storhertugdømet Baden
  9. Flag of Hesse.svg Storhertugdømet Hessen-Darmstadt
  10. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Storhertugdømmet Luxemburg (i personalunion med Nederland) (den vestlege delen av Luxemburg gjekk ut av Det tyske forbundet da han blei avstått til Belgia. Derfor blei det nederlandske Hertugdømet Limburg medlem i staden)
  11. Flagge Großherzogtümer Mecklenburg.svg Storhertugdømet Mecklenburg-Schwerin
  12. Flagge Großherzogtümer Mecklenburg.svg Storhertugdømet Mecklenburg-Strelitz
  13. Flagge Großherzogtum Sachsen-Weimar-Eisenach (1813-1897).svg Storhertugdømet Sachsen-Weimar-Eisenach
  14. Civil flag of Oldenburg.svg Storhertugdømet Oldenburg
  15. Holstein Arms.svg Hertugdømet Holstein og Lauenburg (til 1864 i personalunion med Danmark)
  16. Flagge Herzogtum Nassau (1806-1866).svg Hertugdømet Nassau
  17. Flagge Herzogtum Braunschweig.svg Hertugdømet Braunschweig
  18. VlagSGA.png Hertugdømmet Sachsen-Gotha-Altenburg til 1836
  19. Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1911-1920).svg Hertugdømet Sachsen-Coburg-Gotha
  20. Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1911-1920).svg Hertugdømet Sachsen-Hildburghausen (til 1826)
  21. Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1911-1920).svg Hertugdømet Sachsen-Meiningen (fra 1826)
  22. Flagge Herzogtum Anhalt.svg Hertugdømet Anhalt-Dessau
  23. Flag of Anhalt Duchies.png Hertugdømmet Anhalt-Köthen
  24. Flag of Anhalt Duchies.pngHertugdømet Anhalt-Bernburg
  25. Flag of Hohenzollern-Hechingen and Sigmaringen.png Fyrstedømet Hohenzollern-Hechingen
  26. Flag of Hohenzollern-Hechingen and Sigmaringen.png Fyrstedømet Hohenzollern-Sigmaringen
  27. Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein Fyrstedømet Liechtenstein
  28. Flagge Fürstentum Lippe.svg Fyrstedømet Lippe
  29. Fuerstentum Reuss aeltere Linie Flagge.gif Fyrstedømet Reuss eldre linje
  30. Fuerstentum Reuss juengere Linie Flagge.gif Fyrstedømet Reuss yngre linje
  31. Flag Schaumburg-Lippe.png Fyrstedømmet Schaumburg-Lippe
  32. Flagge Fürstentümer Schwarzburg.svg Fyrstedømet Schwarzburg-Rudolstadt
  33. Flagge Fürstentümer Schwarzburg.svgFyrstedømet Schwarzburg-Sondershausen
  34. Flag of Germany (3-2 aspect ratio).svg Fyrstedømet Waldeck-Pyrmont
  35. Flag of Bremen.svg Fristaden Bremen
  36. Flagge der Freien Stadt Frankfurt.png Fristaden Frankfurt
  37. Flag of Hamburg.svg Fristaden Hamburg
  38. Flagge der Hansestadt Lübeck.svg Fristaden Lübeck
Seinare medlemmer
  1. Hessen HG flag.svg Landgrevskapet Hessen-Homburg (fra 1817)
  2. Limburg New Arms.svg Hertugdømet Limburg (frå 1839; i personalunion med Nederland)

Utanlandske monarkar som medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Tre medlemsstatar blei styrt av utanlandske monarkar:

Kvar av desse monarkane hadde ei stemme i den føderale forsamlinga.

Stemmefordeling i den føderale forsamlinga[endre | endre wikiteksten]

Monarkane i medlemsstatane i Det tyske forbundet på møte i Frankfurt i 1863.

Ei føderal forsamling under austerriksk leiing kom saman i Frankfurt, der den habsburgske keisaren og den britiske kongen (som konge av Hannover) var representert med ein sendemann.

I tillegg til dei tre utanlandske monarkane som hadde kvar si stemme, hadde også dei følgjande større monarkia ei stemme kvar:

Øvrige stemmar

Oppløysing[endre | endre wikiteksten]

Det tyske forbundet blei oppløyst etter den Den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866, og i 1867 blei det avløyst av det prøyssiskdominerte nordtyske forbundet, der Austerrike ikkje var med. Dette var meir av ei statsdanning enn kva Det tyske forbundet hadde vore.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]