Det tyske krosstoget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det tyske krosstoget
Del av krosstoga

Dato 1197-1198
Stad Levanten
Resultat Sigrar til krossfararane etterfølgd av rask tilbaketrekking.
Partar
Det tysk-romerske riket Tyrkarar
Kommandantar
Keisar Henrik VI Saladin
Krosstog

Det tyske krosstoget (òg kalla krosstoget i 1197 eller krosstoget til Henrik VI) var ei krosstog som keisar Henrik VI av Det tysk-romerske riket sette i gang etter det mislukka krosstoget til Fredrik I, som òg vert kalla «keisarkrosstoget»[1] Krosstoget enda totalt mislukka.[2] Henrik VI døydde av feber i Messina i oktober 1197 og mange av kommandantane reiste attende til Tyskland for å verne om sine interesser føre det neste keisarvalet.[2] Dei gjenverande adelege i krosstoget erobra Sidon og Beirut før dei reiste attende til Tyskland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1187 erobra Saladin Jerusalem frå krossfararstatane. I eit forsøk på å ta byen tiblake vart det tredje krosstoget sett i gang av kong Filip II August av Frankrike, kong Rikard Løvehjarta av England og den tysk-romerske keisar Fredrik I Barbarossa. Fredrik Barbarossa døydde etter å drukna i Anatolia og det tyske krsstoget, som kan ha bestått av mellom 100 000 og 150 000 mann, vendte heim att[3] Det heilage landet vart verande ein sterk muslimsk skanse.

Den eldre son til Fredrik, Henrik VI, erklærte eit nytt krosstog og håpte at den massive slagkrafta til det tredje krosstoget framleis kunne utnyttast, og mange mann svarte:[2]

  • To erkebiskopar
  • Ni biskopar
  • Fem hertugar

Mange lågadelege vart òg med i krosstoget og etter kvart var ein mektig arme på veg søraustover.

Det tyske krosstoget[endre | endre wikiteksten]

Henrik VI valde å utnytte faren sin trugsel om å ta Austromarriket og sendte ei trugande brev til den austromerske keisaren Isak II Angelus. Isak hadde vorte styrta i april 1195 av broren Aleksius III Angelus. Aleksius underla seg kravet til Henrik VI med ein gong og samla inn høge skattar frå sine undersåttar for å betale krossfararane 5000 pund gull. Før Henrik kom seg vidare døydde han, men då var alt ein stor del av tyskarane på veg mot Palestina. Krossfararane gjekk i land ved Akko i september 1197 og erobra Sidon og Beirut. Då meldinga om at keisaren var død nådde krossfararane returnerte dei heim att utan fleire sigrar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Crusade of 1197» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Jonathan Riley-Smith (1990). Atlas of the Crusades. New York: =Facts on File. 
    • John Julius Norwich (1997). A Short History of Byzantium. New York: Vintage Books. 
  1. The Crusades, C. 1071-c. 1291 av Jean Richard, Jean Birrell, s. 237
  2. 2,0 2,1 2,2 John Julius Norwich (1997). A Short History of Byzantium. New York: Vintage Books. s. 298. 
  3. John Julius Norwich (1997). A Short History of Byzantium. New York: Vintage Books. s. 297. 
  4. Riley-Smith (1990) s.64