Det ungarske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det ungarske flagget.

Det ungarske flagget er ein trikolor med tre vassrette striper i raudt, kvitt og grønt (rekna ovanfrå og ned).

Dette flagget vart fyrst ført på banen før og under revolusjonen i 1848. Det raude symboliserer styrke, det kvite trufastheit og det grøne står for vona. Flagget har vore offisielt i bruk sidan 1957.

Under Stalin-tida (1948-56) hadde flagget eit våpenskjold med raud stjerne i midten. Dette vart klipt ut under revolusjonen i 1956, og seinare har flagget med eit hól i midten blitt ståande som symbol på oppreisten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!