Det uruguayanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det uruguayanske riksvåpenet.

Det uruguayanske riksvåpenet blei teke i bruk 19. mars 1829. Det er danna av ein firedelt oval med nasjonalfargane blått og kvitt i botn. Frå øvre venstre hjørne med klokka viser skjoldet ei vektskål, borga Fortaleza del Cerro på ein ås, ein okse og ein springande hest. Ei olivengrein til høgre og ei laurbærgrein til venstre, samanbundne av eit blått band, dannar ein krans rundt skjoldet, og over det stig Maisola opp.

Maisola er eit symbol på oppgangen til den uruguayanske nasjonen. Vekta står for likskap og rettvise, borga står for styrke, oksen for overflod og hesten for fridom.

Ulike framstillingar av riksvåpenet[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det uruguayanske riksvåpenet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.