Jin-dynastiet (266–420)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det vestlege Jin-dynastiet)
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)

Jin-dynastiet (kinesisk 晉/晋 Jìn) er ein tidsalder i kinesisk historie som varte frå 265 til 420. Det avløyste Dei tre kongedøma i Kina, og blei etterfølgd av Nord- og Sør-dynastia.

Dynastiet vert delt i to tidsrom:

  • Vest-Jin, 西晉 / 西晋 Xï-Jìn: 265–316
  • Aust-Jin, 東晉 / 东晋 Döng-Jìn: 317–420

Dette Jin-dynastiet må skiljast frå det langt seinare Jin-dynastiet (1125–1234), eit dynasti grunnlagt av jursjenarane.

Ji-dynastiet sitt territorium då riket vart grunnlagt i 265.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det vestlege Jin-dynastiet var grunnlagt av Wu-keisaren Sima Yan. Luoyang var hovudstad i riket.

Det austlege Jin-dynastiet vart grunnlagt av keisar Yuan Sima Rui, hovudstad var Jiankang (dagens Nanjing). Det politiske systemet bygde på ein mellomting mellom Han-dynastiet med sine tre overherrar og ni ministrar, og Tang-dynastiet med sine tre sekretærar og seks ministerium. Sima-ætta høyrde allereie på Wei-dynastiet si tid til høgadelen. Sima-ætta var, etter eit mellomspel med Gaopingling, den rådande i Wei-dynastiet. Etter Sima Yan hadde utropa seg til keisar, samla han heile Kina. Men han makta slett ikkje å gjere noko med dei sosiale problema, ei heller med den grasserande korrupsjonen. Då sentralmakta mista styringa, byrja medlemer av dei keisarlege familiane, som hadde bygt seg opp som politiske og militære fyrstar utover i landet, å kjempe om forrang og om makta. Dette førte til uroa under dei såkalla åtte fyrstane. Uroa svekka Jin-dynastiet ytterlegare, så dei innvandra folka nytta høvet til å opponere. Ei masseflukt retning sør sette inn. I Nordkina byrja Seks rike-tida.

Keisaren hadde heller lite makt under det austlege Jin-dynastiet. Politikken vart avgjort av adelsættene. Særleg prekær var maktbalansen i militæret med mange avdelingar leia av generalar som hadde flykta frå nord. Dei enkelte generalane handla ofte sjølvstendig og med liten koordinasjon. Derfor mislukkast felttoga på å gjenopprette Jin-dynastiet sitt herredømme over nordområda. Sentralregjeringa frykta jamt at suksessrike generalar skulle utrope seg sjølve til keisar. Difor var ein stendig oppteken av å sabotere desse felttoga. I 383 mobiliserte det tidlegare Qin-riket all sin militære styrke for å øydelegge det austlege Jin. For fyrste og einaste gong samla Aust-Jin alle sine krefter for å møte trugsmålet. Ved slaget i Feshui fall det tidlegare Qin-dynastiet og Aust-Jin under Xie An, og Xie Xuan var i stand til å vinne tilbake tidlegare land. Interne maktkampar tok til i etterkant av krigen og Huan Xuan greip makta, samtidig førte slit og tunge skattar utlikna på folket til opprør. I Sichuan frigjorde Qiao Zong seg frå sentralmakta. Til sist makta Liu Yu å slå dei konkurrerande maktene og ta sete på på keisartrona. Kina gjekk deretter inn i den såkalla Nord- og Sør-dynasti-tida.

Til å byrje med i Aust-Jin prøvde ministeren Wang Dao å føre ein fredspolitikk, for å stabilisere tilhøva. Framskritt i jordbruket førte til blomstring i handelen og vitskapane. Det økonomiske sentrum i Kina flytta seg då sørover. Oppsvinget i sør skapte behovet for bygginga av Keisarkanalen som sambandsveg mellom det sørlege og nordlege Kina. Også innan handverk og handel var det store framsteg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]