Deutscher Sprachatlas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Deutscher Sprachatlas (norsk 'Tysk språkatlas') er namnet på ein forskingsinstitusjon ved universitetet i Marburg og eit dialektatlas over tyske dialektar.

Institusjonen vart skipa som Sprachatlas des Deutschen Reichs av lingvisten Georg Wenker (1852-1911) i 1877. I åra fram mot den andre verdskrigen stod han for den mest omfattande dialektundersøkinga nokonsinne.

Det vart sendt ut spørjeskjema til om lag 50 000 stader innanfor det tyske språkområdet. På basis av det samla dialektmaterialet vart det teikna 1 668 kart, som på byrjinga av 2000-talet vart digitaliserte og offentleggjorde på internett i prosjektet Digitaler Wenker-Atlas (DiWA).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]