Devenish Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Devenish Island
øy
Land  Nord-Irland
Kart
Devenish Island
54°22′20″N 7°39′28″W / 54.372308333333°N 7.6576416666667°W / 54.372308333333; -7.6576416666667
Wikimedia Commons: Devenish Island

Devenish Island (irsk Daimhinis, som tyder «Okseøya») er ei øy i Lough Erne, nord for Enniskillen i County Fermanagh i Nord-Irland. Øya er om lag 2 km lang og 1 km brei.

Frå Devenish Island

På Devenish finn ein eit av dei flottaste klosterruinane i Nord-Irland. Eit rundtårn frå 1100-talet ligg på øya og ein kan sjå veggar til bedekammeret til heilage Molaise, som grunnla klosteret på 500-talet, langs ei pilegrimsrute til Croagh Patrick i County Mayo. Det vart eit utdanningssenter og sjølv om det vart plyndra av vikingar i 837 og brend i 1157, blømde det seinare då soknekyrkja og eit augustinarkloster låg her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]