Devonøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Devonøya
øy
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 55 247 km²
Folketal 0
Kart
Devonøya
75°08′00″N 87°51′00″W / 75.133333333333°N 87.85°W / 75.133333333333; -87.85
Wikimedia Commons: Devon Island
Devonøya med Haughton-krateret
Satellittfoto av Devonøya

Devonøya er den nest største av Elisabetøyane i Nunavut-territoriet i Canada, og den største folketomme øya på jorda. Devonøya har eit flateinnhald på 55,247 km², og består av prekambrisk gneis og paleozoisk siltstein og leirskifer. Høgste punktet er Devon-iskulen på 1920 m, som ligg i den arktiske cordilleraen (fjellrekka). Devonøya har fleire mindre fjellrekker, så som Treuter-fjella, Haddington-fjellrekka og Cunningham-fjella.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Ettersom øya ligg langt mot nord og mykje av øya ligg heller høgt over havet, finst det næring til berre ein mager bestand av moskusokse, små fuglar og pattedyr. Øya hyser samfunn av hypolittiske organismar, som held til under grus og stein. Dyrelivet er konsentrert om Truelove Lowland-området, som har eit relativt gjestmildt mikroklima med ganske frodig arktisk vegetasjon. Temperaturane i den korte (40 til 55 døgn) vekstsesongen går sjeldan over 10 °C, og om vinteren kan temperaturen falle til så lågt som −50 °C. Med ein polar ørken-økologi får Devonøya svært lite av nedbør.

Cape Liddon er eit fuglereservat kjent for sine bestandar av teist og havhest. Også eit anna fuglereservat, Cape Vera, er kjent for sin havhest-bestand.

Midt på Devonøya ligg Haughton-krateret. Krateret vart danna for om lag 39 millionar år sidan då ein meteoritt på ca 2 km i diameter kolliderte i det som den gong var ein skog. Han etterlet seg eit krater, om kring 23 km vidt, som var ein innsjø i fleire millionar år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein utpost vart bygd i Dundas Harbour (74°31′N 82°23′V / 74.517°N 82.383°V) i august 1924, som del av styresmaktene sitt forsøk på å ta kontroll over utanlandsk kvalfangst og annan aktivitet. Utposten vart utleigd til Hudson's Bay Company i 1933.

Eit kraftig fall i prisane på pelsverk, og trongen for å kutte naudhjelps-kostnadene førte til forflyttinga av 53 inuittfamiliar frå Baffinland til Devonøya i 1934. Flyttinga vart sett på som ei ulykke grunna vindtilhøva og det mykje kaldare klimaet, og inuittane valde å forlate staden i 1936. Utposten vart atterbefolka seint på 1940-talet for å drive vaktteneste, men vart på nytt stengd i 1951 grunna isvanskar.

Berre ruinane av nokre få bygningar finst i dag i Dundas Harbour.

Vitskaplege granskingar[endre | endre wikiteksten]

I 2007 vart det funne fossil av sel-stamfaren Enaliarctos (Puijila darwin) på Devonøya.

Haughton-krateret er i dag rekna for å vere ein av dei best eigna stadene til Mars-forsking. Om somrane føregår eit samansett forskingsprogram, NASAs Haughton Mars Project. HMP har årleg sidan 1997 utført geologiske, hydrologiske, botaniske og mikrobiologiske studiar i dette strenge miljøet.

Forskarar og journalistar har i åra frå 2004 budd i det nakne, sterile miljøet i periodar opptil fire månader. Dette har vore gjort for å simulere korleis det er å leve og arbeide i eit Mars-likt miljø, med tanke på framtidige opphald på den raude planeten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]