Devontida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Devontida
416 - 359.2 millionar år sidan
D
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 15 vol %[1]
(75 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 2200 ppm[2]
(8 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 20 °C [3]
(6 °C over dagens nivå)
Hendingar i devon
sjå • diskuter • endre
-420 —
-415 —
-410 —
-405 —
-400 —
-395 —
-390 —
-385 —
-380 —
-375 —
-370 —
-365 —
-360 —
-355 —
Omfattande[5]
kratt og tre
Isbredanning startar
i Sør-Amerika
D
e
v
o
n
Viktigaste hendingar i devon.
Skala: Millionar år sidan

Devon er ein geologisk periode i paleozoikum og omfatta perioden som starta for 416 ±2,8 millionar år sidan og enda for 359,2 ±2,5 millionar år sidan. Han er kalla opp etter Devon i England, der dei første bergartane frå denne perioden vart undersøkt.

Under devon, som høyrer til paleozoikum, utvikla dei første fiskane føter og gjekk opp på land som tetrapodar for rundt 365 millionar år sidan. Forskjellige leddyr etablerte seg òg på land.

Dei første frøplantene spreidde seg over land og danna store skogar. I hava vart det fleire primitive haiar enn i silur og sein ordivicium og dei første kjøtfinnefiskane dukka opp. Den første ammonittblekkspruten dukka opp og trilobittar, muslingliknande armføtingar og store korallrev var framleis vanleg. Seindevon-utryddinga råka det marine livet hardt.

Paleogeografisk var perioden dominert av superkontinentet Gondwana i sør, kontinentet Siberia i nord og danninga av det vesle superkontinentet Euramerika i midten.

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Devontida markerer byrjinga på ei omfattande kolonisering av landjorda for plantene. Store planteetande landdyr hadde ikkje dukka opp enno og dei store skogane kunne vokse fritt og forme landskapet.

Perioden vart definert av Adam Sedgwick og Roderick Murchison i Devon (dette var grunnlaget for namnet) og Cornwall i 1839. Devon er eit grevskap sørvest i England der frambrot frå devontida er vanleg.

Sjølv om berglaga som definerer staren og slutten på perioden er veldefinerte er dei nøyaktige tidspunkta usikre. I følgje International Commission on Stratigraphy varer devontida frå slutten av silur, for om lag 416,0 ± 2,8 millionar år sidan, til byrjinga av karbon for 359,2 ± 2,5 millionar år sidan.

Godt inn på 1900-talet vart devon ofte omtalt som «fiskane sin tidsalder» og refererte til det store mangfaldet av fisk som dukka opp i perioden. Sjølv om utviklinga til fiskane var viktige ut frå eit antroposentrisk syn nyttar ein ikkje dette namnet lenger, sidan fiskane berre var ein av fleire viktige grupper som utvikla seg stort under devon.

På 1800-talet vert devon stundom kalla «den gamle raude alderen» etter dei raude og brune avleiringane som i Storbritannia vert kalla gammal raud sandstein, der det vart funne mange fossil.

Devon har stundom feilaktig vorte kalla ein «drivhusalder» på grunn av feilaktige prøvetakingar. Dei fleste tidlege oppdagingane frå devon kom i berglag i Vest-Europa og aust i Nord-Amerika, som på denne tida låg på begge sider av ekvator, som ein del av Euramerika, der mange fossil på store rev indikerer eit tropisk klima som var varmt og moderat fuktig. Klimaet i devon varierte derimot stort frå område til område og mellom epokane. Til dømes hadde tidleg devon tørt klima i det meste av verda, inkludert Siberia, Australia, Nord-Amerika og Kina, men Afrika og Sør-Amerika hadde eit varmt temperert klima. I sein devon var det derimot ikkje like tørt rundt om i verda og tempererte klima var vanlegare.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Devon er formelt delt inn i tre epokar, tidleg, mellom og sein. Berglaga som samsvarar med desse epokane vert kalla nedre, midtre og øvre delar av devon.

Tidleg devon varer frå 416 ± 2,8 millionar år sidan til 397,5 ± 2,7 millionar år sidan og byrjar med alderen lockhovium, som varer fram til pragium. Denne alderen varer frå 411,2 millionar år sidan til 407 ± 2,8 millionar år sidan og vert etterfølgd av emsium, som varer til mellomdevon byrja, 397,5 ± 2,7 millionar år sidan. Mellomdevon er delt inn i to aldrar, eifelium som går over i givetium for 391,8 ± 2,7 millionar år sidan. I denne tida minka vart det færre kjevelause panserfiskar og den fiskar med kjeve vart meir talrike både i havet og ferskvatn. Det grunne, varme, oksygenfattige vatnet i innsjøane i devon, omgjeve av primitive planter, gjorde at enkelte tidlege fiskeartar måtte utvikle lunger og mogelegheita til å kravle ut av vatnet og oppå land i kortare periodar.

Til slutt startar sein devon med frasnium, frå 385,3 ± 2,6 millionar år sidan til 374,5 ± 2,6 millionar år sidan, då dei første skogane var i ferd med å ta form på land. Dei første tetrapodane dukkar opp som fossil i den påfølgjande fammenium-alderen. Både byrjinga og slutten på denne tida er markert med utryddingshendingar. Denne alderen varte til slutten av devon, for 359,2 ± 2,5 millionar år sidan.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Verda under devon

Devon var ei tid med stor tektonisk aktivitet, og Laurasia og Gondwanaland dreiv nærare kvarandre.

Kontinentet Euramerika (eller Laurussia) oppstod i tidleg devon ved at Laurentia og Baltica kolliderte, og roterte inn ei naturleg tørr sone langs sørlege vendesirkel, som i paleozoikum på same måte som i dag var danna av konvergens av to store luftmassar, hadleycella og ferrelcella. I desse halvørkenane vart berglaget gammal raud sandstein lagt ned, farga raudt av oksidert jern (hematitt) som er karakteristisk for tørketider.

Nær ekvator byrja Pangaea å danne seg få platene med Nord-Amerika og Europa kolliderte og danna Appalachane og Dei kaledonske fjella i Storbritannia og Skandinavia.

Dei sørlege kontinenta heldt saman som superkontinentet Gondwana. Resten av Eurasia låg på den nordlege halvkula. Havnivået var høgt og mykje av landområda låg under eit grunt hav der tropiske sjødyr treivst særs godt.

Det djupe, enorme superhavet Panthalassa dekte resten av planeten. Andre mindre hav var Paleo-Tethys-havet, Proto-Tethys-havet, Rheichavet og Uralhavet (som vart lukka då Siberia kolliderte med Baltica).

Det finst olje og gass i enkelte berglag frå devon.

Biota i devon[endre | endre wikiteksten]

Fiskar frå devon, frå Joseph Smits "from Nebula to Man", 1905, viser ein tidleg hai, strålefinnefisk, ein lungefisk og panserhaien bothriolepis.
Ein phacopida-trilobitt frå devon i Ohio. Skalaen er 5,0 mm.
SEM-bilete av hederellidar frå devon i Michigan (det største røyret har ein diameter på 0.75 mm).
Ein armøføtting kalla Spiriferida frå devon i Ohio som var vert for ein koloni av hederellidar. Denne er 5 cm brei.

Sjøbiota[endre | endre wikiteksten]

Havnivået i devon var generelt høgt. Sjølivet heldt fram å vere dominert av mosdyr, mangfaldige og talrike armføtingar, dei gåtefulle hederellidane og korallar. Sjøliljer var talrike og trilobittar var framleis forholdsvis vanlege, men ikkje så mangfaldige som i tidlegare periodar på grunn av fleire rovdyr som tidlege haiar og beinfisk som Dunkleosteus. Panserfiskane fekk selskap av dei første fiskane med kjeve og vart mindre mangfaldet av dei vart mindre og vart utkonkurrert av kjevefisk i både havet og i ferskvatn. Det same gjaldt panserhai og strålefinnefisk. Den første talrike haislekta, Cladoselache, dukka opp i hava under devon. Dei vart talrike og mangfaldige. Seint i devon dukka kjøtfinnefisk opp og utvikla seg til dei første tetrapodane (firbeinte dyr). Denne utviklinga til fiskane og det store mangfaldet dei hadde har ført til at devon stundom vert kalla «fiskane sin tidsalder» i populærkulturen.

Dei første ammonittane dukka òg opp under eller like før tidleg devon, for rundt 400 millionar år sidan.[6]

Eit nyleg oppdaga fossil av eit fiskeembryo som er knytt til mora via ein navlestreng for 380 millionar år sidan i eit berglag frå devon er det tidlegaste fossilet som syner virveldyr som føder ein unge.[7]

Rev[endre | endre wikiteksten]

Eit stort kystrev, i dag på land i Kimberley Basin nordvest i Australia, strekte seg ein gong tusen kilometer langs eit kontinent i devon. Rev vart generelt bygd av forskjellige organismar som skilde ut karbonat. Den største bidragsytaren til dette revet var kalkhaldige algar og koralliknande stromatoporoidar og tabulat- og rugosakorallar.

Landleg biota[endre | endre wikiteksten]

I devon var livet i ferd med å kolonisere landjorda. Moseskogar og bakterie- og algematter frå silur fekk no selskap av primitive planter som skapte det første stabile jordsmonnet og inneheldt leddyr som midd, skorpionar og tusenbein (sjølv om leddyr gjekk på land mykje tidlegare i tidleg devon og fossil som Climactichnites indikerer at leddyr kan ha gått på land så tidleg som i kambrium) Planter frå tidleg devon hadde ikkje røter eller blader som dei fleste planter i dag og mange hadde heller ikkje strengvev i det heile. Dei spreidde seg stort ved vegetativ vekst og vart truleg ikkje meir enn nokre centimeter store. Dei første mogelege fossila av insekt dukkar opp for rundt 416 millionar år sidan tidleg i devon.

I devon eksisterte det små krattliknande skogar av små primitive planter som kråkefotplanter, sphenophytar, bregner og progymnospermar. Dei fleste av desse plantene hadde verkelege røter og lauv og mange vart ganske høge. I sein devon voks den treliknande bregnen archaeopteris og den gigantiske cladoxylopsid i verkelege skogar. Desse er dei eldste trea ein kjenner til i dei første skogane i verda. Prototaxites vart frukta til ein enorm sopp som vart meir enn 8 meter høg. Mot slutten av devon oppstod dei første frøplantene. Denne raske utviklinga av så mange plantegrupper og vekstformer har vorte kalla den devonske eksplosjonen. Primitive leddyr utvikla seg i lag med denne mangfaldige landlege vegetasjonen. Utviklinga av det gjensidige nytteforholdet mellom planter og insekt som ein ser den dag i dag oppstod i sein devon. Utviklinga av jordsmonn og planter med røter førte truleg til endringar i kor fort ting vart erodert og sedimentert. Den raske utviklinga av økosystemet på landjorda med eit rikt dyreliv, opna opp for at dei første virveldyra kunne ta seg opp på land. Mot slutten av devon hadde både tidlege amfibiar og leddyr etablert seg på land.

Det tidlegaste kjende treet, frå slekta Wattieza dukka opp i sein devon for rundt 380 millionar år sidan.[8]

Plantene si kolonisering av landjorda fungerte som eit sluk for karbondioksid og jordatmosfæren mista kanskje mykje av denne drivhusgassen. Dette kan ha avkjølt klimaet og ført til ei omfattande masseutrydding. Sjå seindevon-utryddinga.

Seindevon-utryddinga[endre | endre wikiteksten]

Samanlikning av dei tre utryddingsepisodane i sein devon i forhold til andre masseutryddingar i historia.
For meir om dette emnet, sjå Seindevon-utryddinga.

Ei stor masseutrydding skjedde i byrjinga av den siste alderen i devon, famennium, for om lag 364 millionar år sidan. Då forsvann fossila av kjevelause fiskar, bortsett frå psammosteida heterostraca. Ei anna slik hending enda devontida. Seindevon-utryddinga var ein av fem store masseutryddingar gjennom historia og var meir drastisk enn den meir kjende utryddingsepisoden som enda krittida.

Devonutryddingane gjekk hovudsakleg utover dyrelivet i havet, og særleg dei som levde i dei varme farvatna. Dei viktigaste gruppene som døydde ut var revbyggjarane.

Av desse gruppene finn ein mange armføtingar, trilobittar, ammonitta, konodontar og atriarkar, samt ein del kjevelause fiskar og alle panserhaiar. Landplantene, samt ferskvassartane, som våre firbeinte forfedrar, vart lite råka av denne hendinga.

Ein er framleis usikker på kvifor utryddinga oppstod. Det har vore foreslått at det kan ha kome av eit asteroidenedslag, men det er ikkje funne spor etter nedslagskrater frå devon som er store nok til at noko slikt er sannsynleg.

Avleiringar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Frå devontida finn ein særleg avleiringar i Noreg på Vestlandet der ein finn fleire tusen meter tjukke lag av konglomerat og sandstein. Desse har danna fleire tydelege landemerke som Lifjellet, Kvamshesten, Håsteinen og Hornelen. I Solund kommune finn ein òg eit lite vulkansk innslag i devonavleiringane.

I Trøndelag finn ein devonfelt ved kysten, som på Edøy og Ørlandet, samt eit lite felt ved Røragen aust for Røros. Det finst mykje bergartar frå devontida på Svalbard og på Bjørnøya inneheld devonavleiringane steinkol.

Dei norske devonfelta vart hovudsakleg danna ved avleiring av sand og rullestein på elvesletter og elvevifter under avsluttinga av den kaledonske orogenesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. Kaufmann, B., Trapp, E.; Mezger, K. (2004) «The numerical age of the Upper Frasnium(Øvre devon) Kellwasser horizons: A new U-Pb zircon date from Steinbruch Schmidt(Kellerwald, Germany)» – The Journal of geology, bind 112, nr. 4, s. 495-501.
  5. Algeo, T.J. (1998) «Terrestrial-marine teleconnections in the Devontida: links between the evolution of land plants, weathering processes og marine anoxic events» – Philosophical Transactions of the Royal Society B: Biological Sciences, bind 353, nr. 1365, s. 113-130.
  6. Palaeos Paleozoic: Devonian: The Devonian Period
  7. Eldste fossil av fødsel
  8. Fossil from a forest that gave Earth its breath of fresh air - Times Online

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Devontida
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm