Dezhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dezhou
Plasseringa av Dezhou (gul) i Shandong

Dezhou (kinesisk: 德州; pinyin: Dézhōu) er eit byprefektur i den nordvestre delen av provinsen Shandong i Folkerepublikken Kina. Det grensar til provinsen Hebei i nord og nordvest. Byprefekturet har eit areal på 10 356 km² og knapt 5,6 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Dezhou omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og åtte fylke (县 xiàn).

Største industrigreina i Dezhou er i dag produksjon av utstyr til utnytting av solenergi. To store solenergi-selskap har etablert seg i prefekturet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Den viktige jarnbanelinja Jinghubanen, som strekker seg frå Beijing til Shanghai, via mellom andre Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou har stoppestad i Dezhou. Også snøggtoget mellom Beijing og Shanghai har stoppestad her. Det same har snøggtoget som trafikkerer mellom Qingdao og Taiyuan.

Kinas riksveg 104 og Kinas riksveg 105, som begge tek til i Beijing, går gjennom Dezhou. Etter Dezhou held riksveg 104 fram til Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar i Fuzhou. Riksveg 105 passerer Jining i Shandong, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou, og endar opp i Zhuhai.

Keisarkanalen flyt gjennom prefekturet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Dezhous største historiske attraksjon er gravmælet til sultanen Paduka Batara av Sulu, som døydde i Dezhou, på heimveg etter eit besøk hos Yongle-keisaren i 1417. Gravmælet er godt bevart og er oppført på Kinas liste over verneverdige fortidsminne.

Etterkomarar av dei muslimane som fylgde sultanen bur framleis i Dezhou, og er klassifisert som huikinesarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]