Dhoti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To menn med dhotiar og side skjorter over i Delhi i 2007.

Dhoti (hindi धोती, dhōtī) er tradisjonelle indiske klede for underkroppen som særleg er brukt av mannlege hinduar i fleire delar av Sør-Asia. Dhotien er eit drapert klesplagg danna av eit rektangulært stykke bomullsklede som ein festar rundt livet og rundt låra, medan ein ende blir ført mellom beina og festa i livet att. Dhotien kan derfor minna om lause bukser.

Gandhi med dhoti.
Teikning frå rundt 1820 som viser Vamana, ein avatar av Visjnu (til høgre) i møte med ein asura (ein slags demon). Begge ber dhotiar.

Dhotiar er vanlegvis kvite med ei fargerik bord nedst. Det finst relieff som viser bruk av dhotiaktige plagg av begge kjønn frå første hundreåret f.Kr. Dhoti var eit utbreidd plagg i India fram til midten av 1900-talet. Det blei eit symbol for den indiske frigjeringsrørsla, særleg gjennom Mahatma Gandhi, som etter kvart alltid bar dhoti av sjølvspunnen bomull. Seinare er dhotien både blitt eit formelt plagg brukt ved høgtidgeleg høve, mellom anna av politikarar, og eit bruksplagg for arbeidarar og bønder.

Variantar av plagget finst i sørindisk vesjti og søraustasiatisk sarong og i lungi, som er sydd saman i sida og typisk er meir fargerik. Visse former for kvinneplagget sari kan også festast på måtar som minner om dhotien.

Dhoti kan ofte kombinerast med kurta (indisk kjortel) eller ei skjorte. Ein tradisjonell bruksmåte er med berr overkropp og eit tøystykke over eine skuldra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «dhoti», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica Inc., 2014. Web. 30 Nov. 2014
  • «Dhoti», iloveindia.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dhoti