Diabetes mellitus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Diabetes mellitus, ofte kalla sukkersjuke, er ein sjukdom som kjem av at det enten ikkje vert produsert insulin i bukspyttkjertelen (pancreas) (diabetes mellitus type 1), eller at organismen ikkje nyttiggjer seg insulinet på normal måte (diabetes mellitus type 2). Type 1 opptrer oftast hos unge, medan type 2 er mest vanleg hos eldre og overvektige. Type 2 vart ofte tidlegare kalla «gammalmannsdiabetes», men i dei seinare åra er gjennomsnittsalderen hos dei som får den gått betydeleg ned, og den vert no ofte rekna som ein livsstilssjukdom.

Diabetes mellitus type 2 kan opptre i alle aldrar, men er som nemnt mest vanleg hos eldre. I tillegg har ein dei seinare åra vorte klar over at særskilde innvandrargrupper har ein auka risiko for å utvikla type 2 diabetes. Dette gjeld særleg grupper med opphav frå Asia og Afrika som buset seg i den vestlege verda og tek etter livsførsla der.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Svært mange diabetikarar (av type 2) går lenge før diagnosen vert stilt, fordi symptoma hos vaksne sjeldan vert akutte før etter lang tid. Hos born og ungdom kan sjukdommen gjerne starta akutt (type1). Vanlege symptom på diabetes mellitus er tørste, auka urinutskiljing, kløe i huda og i slimhinnene, særleg kring kjønnsorgana, etter kvart nummenhet og nedsett kjensle (sensibilitet) i legger og føter, utskiljing av eggekvite (protein, albumin) i urinen, svekka syn og generelt nedsett almentilstand. Dette skuldast for høgt blodsukkernivå. I seinare år har det vorte ført kampanjar for å få så mange som råd til å testa blodsukkernivået sitt regelmessig, anten sjølve ved hjelp av eit enkelt måleapparat eller hos lækjar.

Over tid kan feil eller utilstrekkeleg behandling føra til seinskader. Dette kan visa seg i form av auka tendens til infeksjonar, nedsett blodsirkulasjon i store blodkar (makrosirkulasjon), t.d. i beina, hovudpulsåra (aorta), arterier i hjarte og hjerne; og i små blodkar (mikrosirkulasjon), t.d. i augebotnen og nyrene. Kroppsleg kan dette gi seg utslag som sårdanning, infeksjonar eller koldbrann (gangren) i beina, i somme tilfelle med amputasjon som følgje. (Diabetiske gangren er den viktigaste årsaka til amputasjon på beina i Noreg.) Det kan også føra til nedsett syn eller blindheit, nyreskade eller ereksjonssvikt, alt dette som ei følgje av dårleg blodsirkulasjon og/eller nerveskade på grunn av høgt blodsukker og høge feittverdiar i blodet.

Det metabolske syndromet[endre | endre wikiteksten]

Det viser seg hos svært mange diabetikarar at det ikkje berre er sukkeret ein må ta omsyn til. I tillegg til vanskane med sukkerstoffskiftet har ein stor del av dei også for høge nivå av feittstoff (lipidar) i blodet, t.d. kolesterol og triglyceridar. Ein tredje faktor i det metabolske syndromet er for høgt blodtrykk. Alt dette er det viktig å kontrollera og om naudsynt behandla for at risikoen for seinare sjukdomskomplikasjonar kan minskast.

Insulineffekt[endre | endre wikiteksten]

Insulinet trengst for at kroppsveva skal kunna gjera seg nytte av sukkeret i blodet. Hos ein diabetiker vert ikkje sukkeret forbrukt på vanleg måte eller lagra i levra og muskulaturen som hos friske, men hopar seg opp i blodet og vert etter kvart utskilt i urinen.

Meistring av tilstanden[endre | endre wikiteksten]

Det er viktig å halda sukkermengda i blodet på rett nivå. Vert den for låg (hypoglykemi) pga. for mykje insulin, auka fysisk aktivitet eller for lite tilførte karbohydrat, kan diabetikaren verta slapp, ta til å sveitta, få angst, svoltkjensle, synsforandringar, verta omtåka eller i verste fall medvitslaus, ein tilstand som ofte vert kalla «insulinsjokk», også når det gjeld diabetikarar som ikkje får insulinbehandling, men som vert behandla t.d. med tablettar. Lettare tilfelle av denne tilstanden vert ofte på folkemunne kalla «føling». Dette kan bøtast på ved at pasienten et nokre sukkerbitar, drikk sukkerhaldig veske eller liknande. Vert blodsukkeret for høgt (hyperglykemi) pga. insulinmangel, kan diabetikaren også mista medvitet. Tilstanden vert gjerne kalla «sukkerslag», den medisinske nemninga er diabetisk koma eller hyperglykemisk koma. Her er behandlinga å gi insulin.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Sjukdommen kan ikkje lækjast, men med rett behandling kan symptoma og skadeverknadane reduserast.

Moderne glucometer for måling av blodsukkernivå. Teststrimmelen der ein bloddrope skal plasserast, synest så vidt øvst i apparatet til høgre. Apparat med nål for hudpunktur til venstre.

Diabetes mellitus type 1 vert no oftast behandla med syntetisk insulin, som vert injisert subkutant (under huda) på magen eller låret. Tidlegare brukte ein gjerne svineinsulin eller bovint insulin (frå storfe), men no for tida ser ein mykje betre resultat med den syntetiske forma. Insulin finst i to hovudtypar, snøggverkande og langtidsverkande. Der er på marknaden fleire insulinpreparat som inneheld ei blanding av dei to og som gir snøgg verknad etter injeksjonen ved den snøggverkande komponenten og verknad utover dagen ved den langtidsverkande. Dei fleste diabetikarar som vert insulinbehandla må setja fleire injeksjonar på seg sjølve kvart døgn.

Diabetes mellitus type 2 prøver ein først å behandla med kostforandringar, mosjon og vektreduksjon der dette synest føremålstenleg («livsstilsendring»). Dersom dette ikkje fører til målet vert neste steg i behandlinga å gi tabletter i tillegg. Tablettene aukar enten insulinproduksjonen eller gjer kroppen meir kjenslevar for insulin. Ved behov brukar ein også her insulin.

Ved båe typar diabetes mellitus er fornuftig kosthald ein viktig del av behandlinga. Tidlegare tiders rigide opplegg med teljing av brødskiver og oppveging av det meste av maten er ein heldigvis gått bort frå. I dag ønskjer ein at diabetikarane sjølve i så stor grad som råd tek hand om si eiga behandling og kontroll av sjukdommen. Takk vere ein kombinasjon av godt og enkelt måleutstyr for eiga prøvetaking av blodsukker, betre verknad av syntetisk insulin, og eit ganske godt system for innhaldsmerking av matvarer, er det vorte svært mykje enklare å bruka vanlege matvarer. Det som vert tilråda som «diabetikarmat» i dag er regelrett sunn mat, «husmannskost», gjerne fiberhaldig, utan mykje sukker, finmale (kvitt) mjøl og feitt.

Ein optimalt behandla diabetikar med motivasjon for eigen innsats og god kunnskap om sin eigen tilstand og dei ulike behandlingsformene kan seiast å leva eit tilnærma normalt liv. Mange diabetikarar har stor nytte og glede av medlemsskap i diabetikarlag lokalt i sitt nærmiljø, og dei vert gjerne oppmoda om å melda seg inn i eit slikt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]