Diablovind
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diablo er ein varm og tørr frålands vind frå nordaust i San Francisco Bay Area nord i California, som opptrer om våren og hausten. Namnet vart først nytta av lokale media etter ein stor skogbrann i Oakland i 1991 for å skilje han frå ein annan, meir kjend varm og tørr vind i Sør-California, kalla Santa Ana-vind. Namnet kjem truleg fordi vinden bles frå Diablo-dalen nær Contra Costa County.
Diablovindar oppstår i ein kombinasjon med kraftig høgtrykk over Great Basin og lågtrykk utafor kysten av California. Sjølv om vinden opptrer både på våren og hausten, er han mest farleg om hausten då vegetasjonen er på det tørraste.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Diablo wind» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Weather.com Glossary