Diagenese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Diagenese er summen av alle fysiske, kjemiske og biologiske endringar, unnteke forvitring og metamorfose, eit sediment går gjennom etter avsetjing. [1]

Sand vil i denne prosessen gå over til sandstein, leire til leirskifer og kalkslam til kalkstein. Prosessane føregår ved samanpressing, omkrystallisering og sementering av korna med nydanna mineral.

I tillegg omfattar diagenese alle andre prosessar som går føre seg i sedimenta eller sedimentære bergartar ved låg temperatur (under 200 °C), mellom anna omdanning av organisk materiale til kol, olje og gass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lapidus, Dorothy Farris: Collins dictionary of geology. HarperCollins 1990 (Fyrste gong gjeve ut som «The facts On File Dictionary of Geology and Geophysics», 1987) ISBN 0-00-434148-1