Diapir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lavalampe illustrerer hovudprinsippet for diapirisme.
Geologisk profil gjennom det nordvestlige Tyskebassenget (Ostfriesland-Nordheide). Saltdomar har skore gjennom yngre lag.

Diapir (fransk, frå gresk diapeirein, å skjere gjennom) er ein intrusjon som er danna som følgje av tettleik og trykkskilnader, til dømes eit saltlag som flyt opp gjennom tyngre bergmassar og trenger dei til side. Uttrykket vart innført av den rumenske geologen Ludovic Mrazek, som var den første til å forstå prinsippet ved saltintrusjon og plastisitet. Uttrykket «diapir» kan nyttast om vulkanske strukturar, men er oftare nytta om ikkje-vulkanske, slik som saltdomar og leirdiapirer. Diapirisme føregår på Enceladus[1].

Diapirar intruderer oftast vertikalt oppover langs svake soner gjennom tettare overliggande bergartar. Tettleiksskilnadane opptrer som ei kraft for oppstigning. Prosessen vert kalla diapirisme.

Diapirar er viktige i oljegeologien. Det finst ofte små petroleumsførekomstar i de oppbøygde laga langs flankene av diapiren, og større felt kan finnes i oppbulingar av laga over dei. I Ekofiskområdet er dei fleste førekomstane knytte til saltdiapirar. Dei fleste diapirane er saltdiapirar, men det kjennes også andre, f.eks. granittdiapirar.

[endre] Kjelder

  1. Cassini Imaging Central Laboratory for Operations, Enceladus Rev 80 Flyby: Aug 11 '08. Retrieved 2008-08-15.

[endre] Sjå òg

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk