Diatrem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein diatrem er eit breksjefyllt vulkanrøyr som vart danna ved at vulkanske gassar har sprengt seg veg ut mot overflata. Diatremer bryt ofte overflata og produserer ei tuffkjegle, eit fylt, relativt grunt krater som ein kallar ein maar. Uttrykket har generelt vorte nytta om alle konkave former for broten stein eller breksje som er danna av eksplosive eller hydrostatiske krefter, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er knytte til vulkanisme. Somme diatremeksplosjonar kan oppstå når varm magma varmar opp relativt grunt grunnvatn.
I Noreg finn ein slike eksplosjonsrøyr i Oslofeltet (til dømes Hurdalen) og ved Fen i Telemark.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Diatreme» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2010.
- Store norske leksikon, snl.no, «Diatrem» av Inge Bryhni