Diban

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diban
ذيبان
by
Land  Syria
Guvernement Deir ez-Zor guvernement
Distrikt Mayadin-distriktet
Nahiyah Diban
Koordinatar 35°0′9″N 40°30′42″E / 35.00250°N 40.51167°E / 35.00250; 40.51167
Folketal 9 000  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Diban
35°00′09″N 40°30′42″E / 35.0025°N 40.51166667°E / 35.0025; 40.51166667

Diban (arabisk ذيبان, òg skrive Thiban eller Dhiban) er ein by aust i Syria i Deir ez-Zor guvernement, ved austbreidda av Eufrat, sør for Deir ez-Zor, 17 kilometer sør for al-Busayrah og 13 kilometer nord for Asharah.[2] Av stader i nærleiken finn ein Mayadin i nord og aust, al-Hawayij i nordaust, Makhan i sør og al-Tayanah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Diban eit folketal på 9 000 i 2004. Han er det administrative setet i ein nahiyah («underdistrikt») som består av ti stader med eit samla folketal på 65 079 i 2004.[1]

Ein del av Diban ligg på ein ås kalla Tell Diban, som òg er ein arkeologisk stad. Tell Diban er identifisert som den arameiske byen Rummunina i antikken,[2][3], eit namn som truleg kjem frå det arameiske ordet rummangranateple»).[2] Byen og området rundt fungerte som militærleir for armeen til den assyriske kongen Tukulti-Ninurta II under det siste felttoget hans i 885 fvt. Kongen rapporterte at Rummunina låg langs ein kanal i Khabur, ei sideelv til Eufrat.[3] I følgje den belgiske orientalisten Edward Lipinsky, var Tell Diban «utan tvil busett i jarnalderen».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2020-09-25 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Deir az-Zawr guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Lipinsky, s. 84-85.
  3. 3,0 3,1 Bryce, 2009, s. 598.