Dick Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dick Dale
Dick Dale.jpg
Verkeleg namn Richard Anthony Monsour
Fødd 4. mai 1937 i Boston i Massachusetts
Instrument Gitar
Sjanger Surferock, instrumentalrock
Yrke Musikar, gitarist
Tilknytte artistar Del-Tones
Plateselskap Capitol
Deltone
Nettside DickDale.com
Kjende instrument
Dick Dale Stratocaster
Fender Showman

Dick Dale, eigentleg Richard Anthony Mansour (fødd 4. mai 1937) er ein amerikansk surferockgitarist. Han var ein av dei tidlegaste føregangspersonane innan virtuos gitarrock og er kjend som «The king of the Surf Guitar». Han eksperimenterte med klang og nytta seg av spesialbygde Fender-forsterkarar, mellom anna den første 100-watts forsterkaren.

I oppveksten interesserte han seg for trommer og ukulele. Omsider vart han derimot mest interessert i gitar. Etter at familien flytta frå staten New York til California, starta han å opptre på forskjellige måtar. Han var òg særs interessert i surfing.

Tidleg starta han å spele som soloartist under namnet Dick Dale. Han slutta seg til den såkalla surfrocken og vart kjend med mellom andre The Ventures og The Beach Boys. Han spelte ofte saman med eit band og dei kalla seg då Dick Dale and the Del-tones.

Med støttebandet The Del-Tones vart konsertane til Dale lokalt særs populære Songen hans «Let's Go Trippin'» frå 1961 vert ofte rekna som den første surfrock-songen. Etter denne gav han lokalt ut «Jungle Fever» og «Surf Beat» på sitt eige Deltone-selskap. Debutalbumet hans var Surfers' Choice i 1962. Capitol Records tok til seg albumet og distribuerte det nasjonalt, og Dale spelte like etter på Ed Sullivan Show og fekk roller i fleire filmar. Signaturlåten hans er «Misirlou». Denne gjekk til førsteplassen i Los Angeles. Det andre albumet hans fekk namn etter kallenamnet hans, King of the Surf Guitar.

Surforck vart ei kort stund populært i heile USA før den britiske bølgja slo inn over landet i 1964. Dale heldt fram å halde konsertar og Dale vart like etter sett tilbake av endetarmskreft. Han vart frisk att, men trekte seg lenge tilbake frå musikken. I 1979 mista han nesten foten i ei symjeulukke då forureining i eit lite sår gjorde skaden langt meir alvorleg. Som følgje av dette vart Dale miljøaktivitst og starta ut på 80-talet å spele igjen. Han spelte inn eit nytt album i 1986 og vart nominert for ein Grammypris. Songen «Misirlou» vart nytta i filmen Pulp Fiction av Quentin Tarantino og han fekk eit nytt publikum. Seinare har han gjeve ut fleire album og held framleis fram med turnelivet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]