Dictyoptera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dictyoptera


Europeisk knelar (Mantis religiosa)
Europeisk knelar (Mantis religiosa)

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Dictyoptera
Vitskapleg namn
Dictyoptera

Dictyoptera er ei gruppe insekt med ufullstendig forvandling. Ho består av knelarar, termittar og kakkerlakkar, og har pinnedyra og smågruppene Mantophasmatodea og Grylloblattodea som søstergrupper.

Somme forfattarar nyttar omgrepet som ein orden med knelarane, termittane og kakkerlakkane som underordenar. Andre nyttar det som ei over-orden. På nynorsk wikipedia nyttar me den siste modellen, men denne er korkje betre eller verre enn den første. Som med andre grupper over artsnivå er grensene vilkårlege, så lenge gruppene er monofyletiske.

Innanfor Dictyoptera-gruppa er det ganske klart definert at kakkerlakkane og termittane er nærast i slekt.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.