Didier Défago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Didier Défago


Statsborgarskap Sveits
Fødd 2. oktober 1977 (46 år)
Morgins
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2010 – Utfor menn

Didier Défago (fødd 2. oktober 1977) er ein sveitsisk skirennar frå landsbyen Morgins i Troistorrents i kantonen Valais. Défago vart olympisk meister i utfor under vinter-OL 2010 i Vancouver. I tida 2002-11 vann han fire renn i verdscupen i alpine greiner, 14 gongar har han stått på pallen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1996 vann Défago junior-VM i super-G og fekk sølv i kombinasjonen og bronse i storslalåm. Straks etter debuterte han i verdscupen i alpint i Hafjell med ein 15. plass i storslalåm.

Défago byrja nærme seg verdseliten i 2000-sesongen då han i to renn kom i mål som sjuandemann. På tampen av 2001-sesongen vart han nummer fire i eit super-G-renn i Kvitfjell, slått av tre austerrikarar. Ganske nøyaktig eitt år seinare fekk han sin fyrste pallplass då han i same super-G-løypa vart nummer to etter Alessandro Fattori frå Italia.

Défagos fyrste verdscupsiger kom 20. desember 2002, i eit super-G-renn i Gherdëina. I 2005-sesongen gjorde han mange gode prestasjonar og kom på sjetteplass samanlagt i verdscupen. Denne plasseringa kopierte han i 2009-sesongen, då han vart nummer tre både i kampen om utforpokalen og om super-G-pokalen av verdscupen. I same sesongen, i januar 2009, tok han sin andre siger då han rann fortast i utforløypa i Wengen.

I VM 2007 i Åre kom Défago på fjerde plass i superkombinasjonen, hans beste meisterskapsplassering til dess, i ei tevling der landsmannen Daniel Albrecht vart verdsmeister. Under OL 2010 opplevde Défago høgdepunktet som aktiv då han vart olympiameister i utforrennet, sju hundredels sekund framom norske Aksel Lund Svindal.

Défago tok sin fjerde og siste siger i verdscupen i eit utforrenn i Bormio romjula 2011.

Défago på veg mot gull i utforløypa under vinter-OL 2010

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
20. desember 2002 Gherdëina  Italia Super-G
17. januar 2009 Wengen  Sveits Utfor
24. januar 2009 Kitzbühel  Austerrike Utfor
28. desember 2011 Bormio  Italia Utfor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]